Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Februar 2021
Ma Ti On To Fr
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
       
       

Siste kommenterte artikler

Radiobjøller 2012

16.11.2011 | Skrevet av Pål Kjorstad

Radiobjølleprosjektet går nå inn i siste året som prosjekt. Vi har nå omlag 1200 radiobjøller i gang og har planer om 800 nye våren 2012. Prosjektsdeltakararene i fjor har fått tilbud om å vera med vidare ved å senda inn ny søknad. Men vi vil òg at nye brukarar av radiobjølla skal ha ein sjanse, og oppfordrar desse til å søkja på vedlagte søknadsskjema.

Søknadsskjema i pdf.

Søknadsskjema i word

Du kan lasta ned søknadskjema i word, lagra det å fylla det ut  og senda det som vedlegg i mail til pkjorstad@ventelo.net. Eller du kan skriva ut ei av filene og senda det i brev til:

Radiobjølleprosjektet i Oppland v/Pål Kjorstad, Kilevegen 98, 2647 Sør-Fron.

Søknadsfrist er 15/2 2012, spørsmål kan rettast til Pål på 99 03 44 06.

Søknadane vert behandla 16/2 2012 av Landbruksavdelinga hos FM i Oppland.

Det vises forøvrig til infobrevet som vart sendt ut i haust og nytt inforbrev som kjem i månadsskifte nov/des. 

Nyheter og litt info om radiobjølleprosjektet:

Beitebrukarar i rovviltutsette områder spes. m/bjørn vert prioriterte.
Prisen vert om lag kr. 200,- + mva pr. enhet i 2012.
 
Framtida etter 2012:
 
Styret har bestemt at framtida til radiobjølleprosjektet vert ei årsmøtesak, men styret kjem til å leggja fram ei innstilling til årsmøtet. Noko av denne skal innehalda følgjande punkter:
 
Eit radiobjøllelag vert stifta som eige avdeling under OSG.
Radiobjøllelaget/avdelinga skal stå for utleie av bjøller og innkjøp av nye etter behov.
Innkjøpet og drift av avdelinga skal skje med avdelingas eigne midlar. Midlar må skaffast utanfrå gjennom ulike søknadar og /tilskot, og innanfrå gjennom leigeinntekter frå brukarane.
Dersom behovet vert større enn midlane tilseier, må laget prøva å finna nye finansieringsløysningar.

Småfebonde, gjeterhundeier eller sympatisør med næringa?

Meld deg inn i NSG!

 
Oppland Sau og Geit
Org. nr.: 969 546 183
Besøksadresse Pål Kjorstad
Moarusta 13, 2647 Sør-Fron
Postadresse Pål Kjorstad
Moarusta 13, 2647 Sør-Fron
Kontakt Tlf.: (+47) 990 34 406
pkjorstad@outlook.com