- 6 kroner i priskutt er altfor mykje!
- Sauebøndene tar ein altfor stor del av støyten for overproduksjonen. Landbrukspolitikken må også ta sin del av skuda, seier styreleiar Tone Våg i Norsk Sau og Geit til Nationen.
- Eg synest eit priskutt på seks kroner per kilo er altfor mykje. Når det er overproduksjon må vi rekne med at prisen blir set ned. Det er veldig viktig å få kontroll på overskotet, men at så mykje blir tatt på produsent er ikkje bra, seier styreleiar Tone Våg i Norsk Sau og Geit (NSG).
- Ein må ta grep, men produksjonen ville vore endå høgare viss ikkje bøndene hadde respondert raskt med å levere mindre og lettare lam i haust. Vi har gjort det vi kan frå næringas side. Det er ikkje berre produsentane som har forårsaka situasjonen, men òg landbrukspolitikken. Omlegging av tilskot gir slike resultat. Frisleppet til regjeringa er ikkje gunstig. Det har vi åtvara mot, seier Våg.
Foto: Bjarne Bakkheim Aase, Nationen
FAKTA
- Ved årsskiftet var det over 3200 tonn lammekjøtt på reguleringslager. Veksten er på nær 1800 tonn frå same tid i fjor. Prognosen viser nye 1700 tonn i overskot i 2017.
- Gjennomsnittleg engrospris på lammekjøtt, som blir fastset av marknadsregulator Nortura, er sidan 2. halvår 2015 kutta med nær 6 kr pr. kg.
- Omsetningsavgifta, som blir betalt av bøndene, er auka rundt 1,50 kr pr. kg. Makssatsen er heva til 3,50 kr pr. kg for 2017.