Kick off for alle råd
Før helgen tok til ble det noen inspirerende dager for NSGs sentrale råd, med en samling for alle.
Av Andrea Kjellstad
Torsdag og fredag møttes alle medlemmane av dei sentrale råda i NSG til felles kick-off på Gardermoen. Formålet var å strukturere arbeidet i dei ulike råda slik at alle kan dra lasset same vegen. Dette er første gang ein kick-off har vore arrangert for alle råda på same tid og stad.
Dei fleste møtte opp til lunsj 12.30 og møtet var i gang 13.30, med fokus på samhald og forbetring. Etter ein fellesbolk var det møte i dei respektive råda for å lage strategi og arbeidsplan, og dette skulle presenterast i plenum på dag 2. Det var felles middag på dag 1 og mingling utover kvelden. Det var stort engasjement i løpet av dei to dagane, og samtlege reiste derifrå motivert for eit nytt år og med ein plan i bakhand.
Ull- og klipperådet
Det har vore nokre endringar i samansetningane av dei sentrale råda for 2025, blant anna er ikkje Team Ung eit eige råd i 2025. Dette er eit prøveprosjekt som skal evaluerast av styret i desember 2025. Så i 2025 så er det ein ungdomsrepresentant i kvart av dei sentrale råda, alle med interesse for det respektive rådet, slik som dei andre medlemmane. Som tidlegare leiar i Team Ung har eg og teamet frå i fjor stor tru på at dette kan gjere det lettare å få ung påverkning inn i pågåande saker i dei ulike råda. Vi gledar oss mykje og ser fram til eit spennande år med nye rollar.
Det er det ikkje berre tidlegare Team Ung som gjer, også Sven Arne Lislegaard er spent på det kommande året. Han er tilbake i NSG som ny leiar i Ull- og klipperådet, og han syns det er kjekt å være tilbake, og det er bra å sjå at NSG er ein organisasjon som er villig til å tilpasse seg framtida. Da eg spurte kva hans syns om samlinga, sa han at det var inspirerande å møte så mange engasjerte personar. Han trur strategien som blei laga av råda vil bidra til at alle i NSG held seg på same spor i løpet av 2025.
Angåande sin nye posisjon som leiar i Ull- og klipperådet, så gleda han seg blant anna til å jobbe med å begrave mytene om at norsk ull ikkje er verdt noko. Han er også motivert til å vise at for å behalde den kvalitetsulla vi har, så må god behaldning av ulla skje heilt frå ulla er på sauen til den har kome til ullstasjonen. Trua på at Ull- og klipperådet skal få dette til har han også, og eit av måla er å snike inn informasjon om norsk ull i alle settingar der det er mogleg.
Utmarksrådet
Også Gerhard Håkull synes samlinga var bra, og at det er ein stor fordel å møtast fysisk tidleg på året spesielt når det kjem nye medlemmar med i råda. Det bidrar til å skape eit samhald som gjer det lettare å samarbeide i løpet av året.