Landbruks- og matministeren har fått sau inn med morsmjølka, oppvokse på eit sauebruk utanfor Volda som han er. Dale er dessuten tidligare fylkesmeister i gjetarhund og har ein drøm om at det ein gong i framtida igjen skal bli aktivt sauehald på heimgarden. Under sauesanking i Hjørundfjorden i september, med ein haug journalister på slep, synte han grunnleggande kunnskap og eit stort engasjement for både sau og gjetarhund.  

Difor var det kanskje ikkje så merkelig at han kastet seg over både siste utgåve av medlemsbladet Sau og Geit og Seminværkatalogen 2016 da begge pubikasjoner for få dagar sidan dukka opp i statsrådens postkasse.

- Avlsarbeidet er sentralt i norsk husdyrhald. Arbeidet som vert gjort av den einskilde bonde gir norsk landbruk eit konkurransefortrinn. Seminarbeidet gjer at avlsframgongen går raskt og at dei beste genene vert stilt til rådvelde for bønder over heile landet, seier Dale til Sau og Geit, medan han ivrig les vidare i Seminværkatalogen. Spesielt om spelsauen.