Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Juli 2020
Ma Ti On To Fr
  12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031  
       

Årsmelding 2018

Årsmelding for Sotra Sau og Geit 2018

 

Det har i 2018 vore avhald 3 Styremøte, samt telefon kontakt i forbindelse med Fostertelling, Kåring og Aktivitetar.

 

Styret har hatt denne samansetninga:

Leiar: Sturle Minde

Nestleiar: Gisle Fjæreide

Medlem: Kenneth Fjeldstad

Medlem: Dag Sigve Arefjord

Medlem: Andreas Vorland

Kasserar og rekneskap har vore satt ut til Evelyn Sommar etter avtale i styret.

 

Medlemstalet var i 2018, 48 stk. så vi det er rom for rekruttering.

Året starta med Fostertelling, vi hadde vårmøte i Mars i Steffi Støvo med Kristin Gjerde med fokus på førebygging av sjukdom og smitte i lamminga. Det var gjetarhund kurs første helga i Mars, med Randi Alvseike.

Vi har organisert Ull henting vår og haust, Me sende ein utsending til årsmøte i Hordaland Sau og Geit på Stord, Bjarte Strandtun deltok for oss.

Me var med på NSG’s Grill aksjon 2. Juni sjølv med grill forbod vart dagen svært vel lykka og mange var interesserte i og smaka på produkta.

Me var og til stade på Kåringa på Askøy i lag med Os, Bergen og Fana samt Osterøy Sau og Geit det var litt regn og vind men det gjekk fint med nytt telt og det var mykje folk og såg på dyra, Stian Espedal var og viste partering av lam og Kato Hilleren demonstrerte saueklypping.

Me hadde og eit haust møte i Steffi Støvo med fokus på Grovfôr situasjonen med fôringsrådgivar frå Felleskjøpet.

Svein Misje deltok på leiarmøte i HSG på Flesland siste helga i Oktober.

Aktiviteten i laget er smått stigande og me har allereie planlagt fleire aktivitetar både vår og haust 2019.

 

Vorland 14. Januar 2019

 
Sotra Sau og Geit
Org. nr.:
Besøksadresse
N-
Postadresse
N-
Kontakt Tlf.: (+47)