Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Juli 2020
Ma Ti On To Fr
  12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031  
       

Siste publiserte artikler

Årsmelding

15.01.2020 | Skrevet av Åshild F. Øye

Hjelmeland sau og geit 2019

Årsmelding 2019

Styresamansetnad:

Leiar: Sven Gil Westersjø

Nestleiar og gjetarhundkontakt: Arnt Erik Eid Andersen

Kasserar: Øystein Valheim

Sekretær: Åshild Falkevik Øye

Styremedlem: Rita Sørensen

Første varamedlem: Runar Mæland

Andre varamedlem: Geir Kvame

Representant til samfunnshuset: Ola Dale

Revisorar: Ståle Kvame og Øystein Bjelland

Valnemnd: Kolbjørn Hetland, Harald Krokedal og Jone Hagalid

 

Medlemstal:

Pr 01.01.19 var medlemstalet 82 stk. Per 01.01.20 er medlemstalet 74 stk.

Aktivitet:

Årsmøtet for 2018 vart halde på Hjelmeland IL klubbhus, torsdag 21. februar 2019.

Premie for beste vêrlam, NKS og kvit spel: Harald Krokedal.

Premie for beste vêrlam, farga spæl: Morten Merland.

Det er innmeldt og utbetalt skottpremie på 50 skotne revar i 2019, dette er ei auke på 14 frå året før. Det høgaste talet på lenge.

28. februar arrangerte laget holdvurderingskurs v/ Stian Espedal hjå Sigurd Øie på Randøy.

26. juni arrangerte laget ope møte med Mattilsynet i kantina på kommunehuset. Godt oppmøte og god diskusjon. Matservering.

12. august arrangerte laget haustreff hjå Christer Mæhle i Årdal. Tema: Nytt frå Nortura, ved Stian Espedal. Det vart servert grillmat, kaker og kaffi.

28. september arrangerte laget kåringssjå hjå Anders Sie i Årdal. Det vart servert grillmat, kaker og kaffi. Det vart kåra lam frå 13 besetningar. Det vart bedømt 91 lam, der 79 lam vart kåra. 7 lam vart kåra på dispensasjon. 3 lam vart etterkåra.  

I mars/april og i november/desember organiserte laget ullinnsamling for Nortura og Fatland.

I juli vart det forsøkt arrangert gjetarhundkurs som vart avlyst grunna altfor høg temperatur. Nytt forsøk i september vart også avlyst grunna ukjend sjukdom hjå hund. I september planla laget holdvurderingskurs hjå Nortura, men det vart avlyst grunna for få påmelde.

Styret vedtok også å gje gratis tre saueslakt til omsorgssentera i Hjelmeland no i november. Me fekk god omtale i Strandbuen og mykje skrøyt for maten frå dei eldre.

Møteverksemd 2019:

Styret har hatt fem styremøter. Sekretær deltok på fagsamling på Sola 25.-26. januar. Leiar og sekretær deltok på årsmøte i Rogaland sau og geit på Forus den 15.- 16. februar. Leiar deltok på leiarmøte 18 - 19. oktober i Rogaland sau og geit i Egersund. Hjelmeland sau og geit arrangerte regionsamling 4. desember på Skiftun, leiar og sekretær deltok.

Takk til alle medlem som har bidrege i samband med laget sine aktivitetar!

 

 
NN Sau og Geit
Org. nr.:
Besøksadresse
N-
Postadresse
N-
Kontakt Tlf.: (+47)