Banner Banner Banner Banner

Aktivitetskalender

  Juni 2020
Ma Ti On To Fr
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930     
       

Siste publiserte artikler

  • Årsmelding 2012

    08.01.2013 | Skrevet av Ole Jostein Fet

    Sykkylven sau- og geitalslag har hatt 31 medlemmer siste året. Av desse er 25 hovudmedlemmer, medan seks er husstandsmedlemmer. Dette er ein auke på på eit medlem samanlikna med  året før.

    Styret har hatt denne samansettinga i 2012:  Arnt Ove Aure (leiar),  Ronny Aurdal (nestleiar),  Bjarne Sigurd Drabløs (kasserar),   Ole Jostein Fet (skrivar) og  Else Velle  ( styremedlem).

    Aktiviteten i laget har vore bra i 2012. Styret har avvikla 4 styremøter.

    I vår fekk Sykkylven Sau og Geit si eiga heimeside, som ein finn ved å gå inn på NSG si nettside, og vidare til fylkeslag, og så til lokallag. Vi er det tredje lokallaget i Møre og Romsdal med heimeside, som vi prøver å legge ut ein del informasjon på. Det er Ole Jostein Fet som har teke ansvaret for å oppdatere sida.

    Sykkylven sau- og geitalslag har hatt ansvaret for 4 ulleveringar i 2012 , 2 til Fatland og 2 til Norilia.

    Leiaren var utsending til fylkesårsmøtet, som vart avvikla på Molde i slutten av februar i 2012.

    I samband med fylkesårsmøtet vart det halde ein heildags  beitekonferanse på Molde. Per Steinar Linga deltok på konferansen, saman med Arnt Ove.

    Leiaren deltok på fleire møter i samband med planlegginga av Open gard på Sunndalen sist sommar. Laget tok på seg oppgåva med å skaffe sauer til arrangementet.  Arnt Ove Aure sanka inn nokre  sauer som gjekk på Sundalen til  arrangementet.

    Dei to vektene til laget har vore stasjonert hos Halldor og Annfrid Kulseth på Andestad og hos Else og Hermod Velle på Brauta. Slipemaskina har stått hos Sindre Alnes på Aurdal.

    Laget har selt ullsekkar til medlemmene også siste året. Lageret byrjar å minke, så ein bør vudere om det skal kjøpast inn nye sekkar etter kvart.

    I vår arrangerte vi temakveld med bjørnejakt i Sykkylven i eldre tid som tema. Magnhild Vatne kåserte om emnet. Denne kvelden inviterte vi nyleg pensjonerte veterinær Tor Kleve-Ruud, og gjorde litt stas på han, med gåve og marsipankake.

    Fyrste helga i september var vi medarrangør når Indre Sunmøre gjæterhundklubb hadde teke på seg å skipe fylkesmeisterskap for gjæterhund på Haugset.

     Andor Bjørke markerte seg med finaleplass der.

      I haust arrangerte vi fjøsmøte/temadag hos Bjarne Sigurd Drabløs, med Johannes Nedrebø frå Nortura til stades  som fagperson.

    NSG sentralt har sendt ny organisering av avlsarbeidet i framtia ut til høyring.

    Leiaren deltok på eit møte på Molde i desember, der dette var tema. Vi har diskutert saka i styret, og sendt ein uttale om saka til Fylkeslaget, som vil sende dette vidare til NSG. Saka skal opp for Landsmøtet i mars.

     

    For styret

    Arnt Ove Aure

    leiar

    Les mer

  • Årsmelding 2011

    27.03.2012 | Skrevet av Ole Jostein Fet

    Sykkylven sau- og geitalslag har hatt 30 medlemmer siste året. Av desse er 24 hovudmedlemmer, medan seks er husstandsmedlemmer. Dette er ein nedgang på 4 medlemmer samanlikna med året før.

    Styret har hatt denne samansettinga i 2011: Ole Jostein Fet (leiar), Ronny Aurdal (nestleiar), Bjarne Sigurd Drabløs (kasserar), Else Velle og Arnt Ove Aure (styremedlemmer).

    Aktiviteten i laget har vore lav siste året. Styret har avvikla eitt styremøte. Sykkylven sau- og geitalslag hatt ansvaret for 4 ulleveringar sidan årsmøtet i fjor, 2 til Fatland og 2 til Norilia. Laget har engasjert seg i samband med innføring av ny forskrift om utvida bandtvang, som var ute på høyring i 2011. Fylgjande merknad vart sendt inn frå laget:

     « Sykkylven sau- og geitalslag ser positivt på at Sykkylven kommune utvidar den alminnelige bandtvangstida for hundar utan godkjent sauereinheitsbevis frå og med 1. april til og med 31. oktober. Vi bed også om at ein i forskrifta tar med eit ekstra punkt: Utvida bandtvang gjeld også etter 31. oktober i område der sauer går ute på beite».

    I oktober vedtok kommunestyret ny forskrift. Den utvida bandtvangen gjeld frå og med 1. april til og med 30 september. Eit par område i bygda vart unnateke den utvida bandtvangtida. I ein del andre område vart det innført bandtvang heile året.

    Det har vore gjennomført to fylkesårsmøter sidan siste årsmøte. Ronny Aurdal representerte laget på fylkesårsmøtet i februar 2011. Arnt Ove Aure var utsending til fylkesårsmøtet i slutten av februar i år.

    Leiaren var med på to møter i samband med planlegginga av Open gard på Sunndalen sist sommar. Laget tok på seg oppgåva med å skaffe sauer og geiter til arrangementet. Vi fekk dessverre avbud i siste liten frå geitehaldaren som skulle stille ut. Arnt Ove Aure stilte med nokre av sauene sine på arrangementet.

    Dei to vektene til laget har vore stasjonert hos Halldor og Annfrid på Andestad og hos Else og Hermod Velle på Brauta. Slipemaskina har stått hos Sindre på Aurdal.

    Laget har selt ullsekkar til medlemmene også siste året. Lageret byrjar å minke, så ein bør vudere om det skal kjøpast inn nye sekkar etter kvart.

    To av medlemmene i laget har markert seg i gjetarhundtevlingar i 2011. Andor Bjørke og hunden Tweed tok 3. premie under eit landsprøvetreff i Tresfjorden i august. Susann Osnes og hunden Scott henta heim ein 6. plass. I fylkesmeisterskapen kom Andor og hunden Woody på andreplass.

    Les mer

 
Sykkylven Sau og Geit
Epost: sykkylven.lokallag@sauoggeit.no
 
Leder
Arnt Ove Aure
 
Telefon
(+47)99711251
 
Sekretær
Ole Jostein Fet