For å fremme ei jordskiftesak må tre vilkår vera oppfylte:
- Det må ligge føre/ spesielle tiltak kan føre til - ein utenleg situasjon - jordskifteloven § 1
- Jordskifteretten må ha verkemiddel for å løyse den utenlege situasjon - jordskifteloven § 2
- Ingen av partane skal kunne bli påført tap ved gjennomføring av jordskiftesaka - jordskifteloven § 3 bokstav a.
For saker etter ny jordskifteloven § 2 h-i er og eit fremmingsvilkår at kvar eigedom får sin del av verdauken i skiftefeltet.
Utvida heimel for å gjennomføre eit jordskifte
Jordskifteloven § 2 syner dei hovudverkemidla jordskifterettten rår over for å betre eigedomsforholda. Når eit jordskifte fyrst er fremma, får jordskifteretten også tilgang til å bruke andre verkemiddel enn dei som er nemnte i jordskifteloven § 2. Eksempel på slik utvida heimel er ulike ekspropriasjonsskjønn. Jordskifterettene kan i samband med ei jordskiftesak halde skjønn etter særlover når dette er nødvendig for å gjennomføre eit jordskifte fremma på eit anna grunnlag.
Heimlane for slike skjønn i jordskifteloven er:
§ 43 andre ledd (private veger i eller utenfor skiftefeltet)
§ 43 siste ledd (taubaner og løipestrenger)
§ 44 siste ledd (grøfter, kanaler, vann- og kloakkledninger, jf. § 2 bokstav e)
§ 52 andre ledd (gjerder)
Skrevet av jordskiftedommer Olav Ranum
« tilbake
Sist oppdatert: 10.12.12