Assisterande tilsynsdirektør i Mattilsynet (MT), Ole Fjetland, hadde ein kronikk i Nationen 29. mars. Han er ”bekymret for beitelidelser” står det. MT varslar at ”saueeiere som har hatt tap på beite på over 20 prosent de siste tre år kan få vedtak om beiterestriksjoner for beitesesongen 2012”. Grunngjevinga frå MT for å gå til eit so drastisk tiltak som beitenekt utan tvil vil vera, er for å ivareta dyrevelferden.

Prosent er eit relativt omgrep og betyr, so vidt eg veit, ”av hundre”. Eg er einig i at store tap på beite er alvorleg for dyrevelferden, men eg er ikkje like oppteken av tapsprosenten som MT. Eg er meir oppteken av kor mange dyr som går tapt. Dersom MT ynskjer å setja i verk tiltak for å hindre at dyr døyr på beite, bør også dei vera mest opptekne av dette.

I kronikken blir det ramsa opp ei rad ulike årsaker til at sau og lam døyr på beite. Det er klart at det kan både sjukdom og ulykker er årsak til at nokre dyr døyr i løpet av beitetida, men det er dokumentert at nesten 95 % av tapa på skogsbeite, skuldast rovdyr. Eg går ut frå som sjølvsagt, at MT kjenner til ”Bioforsk Rapport Vol 4 NR 19 2009: Tapsårsaker hos lam på beite i Ørpen-Redalen, 2007 og 2008”. Dette er eit skogsområde i Buskerud, og rapporten er laga av Bioforsk Nord, Tjøtta. Markarbeidet er utført av Statens naturoppsyn (SNO). Alle lamma, som er med i undersøkinga her gikk med ”dødsvarslere”. Tal sleppte lam var høvesvis 182 og 177 dei to åra. Tapa var på same måten 34 og 25 lam. Konklusjon: ”I snitt gjennom de to beitesesongene tok gaupa 94,7 % av alle lam som ble borte i dette studieområdet. Den lave andelen sjukdom og ulykker som er dokumentert i forsøksbesetningene, bør gi grunnlag for å vurdere om tallene Fylkesmannen opererer med som ”normaltap” bør revurderes i enkelte områder.”

So attende til %-rekninga. Dersom det i eit beiteområde er 3000 dyr og dei mistar 300, blir det 10 % tap. Dersom dyretalet på dette beitet, av ulike årsaker blir redusert til berre 1000 dyr og tal dyr tapt framleis er 300, blir tapsprosenten 30. Rovdyrtapa i eit område vil ikkje gå ned sjølv om talet på beitedyr blir redusert, med mindre det blir færre rovdyr.

Dyretalet på utmarksbeite går sterkt ned i mange område, særleg der tapa er store. Mange sluttar med sau eller flyttar dei til andre områder der tapa er mindre. Dersom ikkje talet på rovdyr blir redusert, vil dei buskapane som blir att i slike områder, måtte bera heile børa aleine. Tapsprosenten er dømt til å auke, og vil før eller seinare nå eit nivå som MT meiner er uakseptabelt. Blir eit område heilt tomt for sau/lam, vil vel heller ikkje rovdyra finne det særleg attraktivt, dersom det finst rikeleg med slike delikatesser eit stykke unna. Resultatet, på sikt, vil bli at vi ikkje kan ha sau og lam på beite. Det er inga hjelp i å ha dyra på innmark heller. Det har fleire av oss erfart etter kvart som rovdyrstamma veks. Det er også heilt utenkjeleg å gjerda inn all sau her til lands. Både økonomisk, arbeidsmessig og dyrevelferdsmessig vil det vera heilt uakseptabelt. Resultatet blir sjølvsagt at vi får eit sauehald  liknande det i Sverige; nokre ”få” sauer beitande rundt husa med hyppig behandling mot snyltarar og andre problem.

Eg vil stille Ole Fjetland desse spørsmåla:

  1. Meiner MT at det er dyrevelferdsmessig meir akseptabelt å miste 300 dyr når det er mange dyr i eit beite (taps%=10), men heilt uakseptabelt når det er færre beitedyr (taps%=30%)?
  2. Kva vil MT gjera når tapsprosenten aukar i nabo-områda fordi ein har pålagt beitenekt/fjerning av sauene i eit område?
  3. Meiner MT at det er moralsk rett å forhindre at vi produserer mat her i landet, basert på fornybart utmarksbeite, når større og større delar av verden vil oppleve matmangel dei næraste åra?
  4. Har MT nokon gong vore inne på tanken om å ta ein alvorsprat med dei ansvarlege myndigheitene, om storleiken på rovdyrstammene?

Nestleder i Buskerud Sau og Geit og
lammeprodusent i Gol,
Per H. Liahagen