.  Ein flott plass med panoramautsikt over Heddisdalen og sørover mot Langeidsheia!  52 saueinteresserte  frå Birkeland i sør til Valle i nord fekk ein strålande haustdag!

Egil Åmli orienterte om gardsdrifta og sauedrifta deira, og korleis sauedriftene er organisert i Setesdal Vesthei. Marton Laksesvela, formann i sankelaget, fortalte korleis sankelaget fungerer med omsyn til tilsyn, sanking og anna samarbeid.

Åse Ingebjørg Flateland orinterte om kortreist mat og Smaken av Setesdal.

Meisterdansaren, Tor Espen Helle,med si strålande Siv ,slo seg laus på verandaen med ei flott danseoppvisning.  Marton Laksesvela var erfaren spelemann. 

Kvifor møter folk opp på ei slik samling? Svaret frå mange er at dei ynskjer å treffe andre med same interesse, høyre korleis den einskilde driv og løyser ulike oppgåver. Ekstra hyggeleg er det og når alle i familien kan delta. Sauehald er i mange tilfeller eit familiefortak, der barna ofte er like engasjerte som dei vaksne.

Bygda Helle er forvandla frå middels aktivitet når det gjeld næringsutvikling, til den staden det skjer aller mest i Aust-Agder for tida. Om eitt års tid er det bygd nye sauefjos med plass til 1000 vinterfora sau. I tillegg finn vi Nord-Europas lengste klatrerute, Via ferrata, ny campingplass, bærproduksjon og mangt anna. Alt dette og meir til  burde kvalifisere til Næringspris for Agder 2015!