Referat frå styremøte 7.mars  2017 kl 19.00 Eiken.

Desse møtte: Sven,Paul Edvin,Snefrid,Helge,Britt, nytt styremedlem Nina Mølland

Sak8/17 innkalling og saksliste godkjend
Sak9/17 Referatsaker
> prosjekt på jerv i Rogaland-Hordaland, v/Vest-Skog og skadefellingslaget i Rogaland.Sporing og dokumentering. Prøva å få med Vest og Aust-Agder og Telemark i dette prosjektet.
> spørsmål om det kan eksporterast norsk sau(NKS) til Tyskland. Dette spørsmålet er vidaresendt til Thor Blichfeld i NSG.

Sak 10/17 Konstituering av styret.
- leiar:                  Sven Haughom (valgt på årsmøtet)
- nestleiar:           Helge Verdal      (valgt på årsmøtet)
- kasserar:           Paul Edvin Frigstad   
- nettansvarlig:    Snefrid Reppen  
- gjetarhund:       Nina Mølland  
- kursansvarlig:   Helge Verdal
- kontaktutvalet for rovviltsaker og rovvilt:Sven Haughom og Helge Verdal
- sekretær:           Britt Ljosland Johansson held fram i engasjementet

Sak 11/17  Saker til Landsmøtet og rep.møtet 14.-15.-16.mars Gardermoen
- ingen endring i kontingenten
- vedtektsendring i forbindelse med at Landsmøte annakvart år blir endra til Årsmøte kvart år.
- valget; vårt forslag på kandidat er vraka i NSG si valgnemd. Det blir eit spennande valg. Utsendingane Sven og Helge får fullmakt til å stemma det dei tykkjer blir best.
Året 2016 var eit godt år for NSG; budsjett i minus, men enda opp med eit øveskot på 2,6 mill.                                             NSG fyller 70 år 12.mars !

Sak 12/17 Avlsutvalet
Britt sender spørsmål til vereringane, om forslag på 2 kandidatar til medlem av Avlsutvalet.
Vi må ha tilbakemelding før neste styremøte, 30.mai.

Sak 13/17 Eventuelt
- evaluering av Årsmøtet: bare gode tilbakemeldingar så langt,det verkar som det var vellukka å ha årsmøtet som kveldsmøte. 
- oppdatering Brønnøysundregistra:  Britt kontaktar Brønnøysund.
- kurs: Helge arbeider vidare med klyppekurs og seminkurs.

Neste møte er planlagt tysdag 30.mai i Eiken

                                                                                            -skrivar Britt Ljosland Johansson-

Rapportering frå lokallaga.(vi manglar ein del her, har fått inn frå 2-3 lokallag)

I følge e-post frå NSG skal lokallaga senda inn følgjande opplysningar etter avholdt årsmøte, til fylkesstyret, med kopi til NSG sentralt(viser til skjema som blei sendt ut tidlegare):
Leder
Nestleder
Kasserar
Sekretær
Styremedlem
Gjetarhundkontakt
Valgkomité- leder
Årsmøteutsendingar
              -Alle med navn, adresse, tlf nr og e-post adresse-

Møter i meldingsåret:
Styremøter
Medlemsmøter
Andre tiltak

Lokallagets kontonummer

>Er årsmelding for 2016 sendt fylkeslaget ? <


Eg kan senda skjemaet på nytt, eller opplysningane kan sendast fylkesstyret v/Britt på ein vanleg e-post, brittljo@me.com, og eg kan vidaresenda til NSG.
Dei som ikkje nyttar e-post, kan senda på vanleg post til:
Vest-Agder Sau og Geit
Britt Ljosland Johansson
Stortjønnvegen 92 Stinemyr
4544 Fossdal

Eg kan vidaresenda opplysningane til NSG.


Innlogging på 'min side' på NSG sine sider: 
(e-post adressa di må vera registrert hos NSG) Du bruker medlemsnummeret ditt for å logga deg på, første gong du logger deg på, må du laga ditt eige passord.
På 'min side' kan du m.a. sjekka/endra dine eigne opplysningar, verva nye medlem. Dersom du er tillitsvald kan du m.a. sjekka/endra lagets opplysningar, finna medlemsliste.


Beste helsing Britt