Referat frå styremøte 23.august 2017 kl 19.00 Eiken.

Desse møtte: Sven,Paul Edvin,Snefrid,Helge,Nina,Britt.

Sak 20/17 innkalling, saksliste og møtereferat frå 30.mai godkjend.

Sak 21/17 Referatsaker
> grillaksjonen; grilling av lammekjøt. Lista og Eiken gjennomførte dette, med god respons !
> Sven var på møte i avlsutvalet i juni
> kåringskurs på Rennesøy i Rogaland - 22.august, - Andreas Liland, Lars Torsø og Sven var der.
> Naturligvis Evje 11-13.august: Sven, Helge
> infomøte småfe i Eiken, og på Lista, godt frammøte begge plassane.

Sak 22/17 Aktivitetar i haust:
> gjeterhund-kurs hos Jan Egil ei helg i haust
> Fylkesmesterskap gjeterhund på Kylland(i Åseral) 9.september
> klyppekurset blir i Eiken, hos Audun Meland, som i fjor.
> seminkurset blir i Åseral 26.oktober,hvis det blir nok påmelde. Påmeldingsskjema finn du  på nsg.no.
> Nina skal på kurs-adm kurset i Vennesla 30.september
> avlsmøte i Eiken v/Jan Hedenstad, 2.november
> leiarmøte- lokallag og beitelag 5.desember, i Eiken.
> kåringane: Kvinesdal- 23.september, Eiken-3.oktober, Sirdal-6.oktober

Sak 23/17  Eventuelt.
- ikkje ulveangrep her i fylket, til nå
- representantskapsmøte 17.-18.oktober på Gardermoen
- fylkesårsmøtet: torsdag 15.februar

 

Neste møte er planlagt tysdag 24.oktober 19.00 i Eiken

                                                                                            -skrivar Britt Ljosland Johansson