Litt haustinfo frå styret
Kåringsjå 2014, NM i saueklypping i Sirdal, fagturar.
Kåringssjåa 2014:
Laurdag 20.september kl 9.00 - Kvinesdal
Tysdag 30.september kl 10.00 - Sirdal
Torsdag 2.oktober kl 10.00 - Åseral NB ny dato!
NM i saueklypping i Sirdal 3.-5. oktober:
Her er det framleis behov for dugnadsfolk til laurdagen !!
Ta kontakt med Geir Magne Hadlend eller Tom Inge Liland.
Andre aktivitetar utover hausten
Torsdag 4.september kl 19.00 - markdag på Smedsland i Audnedal. Landbruksrådgiving Agder i samarbeid med saueprosjektet; orientering om forsøksfelt med sikori og italiensk raigras.
Slaktemogne lam; kva tid svarar det seg best å slakta?
Laurdag 18.oktober er det planlagt ein fagtur til Farsund/ Lista for å sjå på sauehus.
- kl 10.00 hjå Turid og Ingemann Årikstad-Nielsen i Spind - nytt tallefjøs
- kl 12.00 hjå Tove Egra og Øystein Gilja på Lista - ca 2 år gamalt sauefjøs med både plastgolv og strekkmetallgolv.
- kl 14.00 hjå Heidi og Eivind Årsland på vestre Hauge på Lista - nytt sauehus.
Fjøssystemer syner utstyr til sau og lam.
Opplegget er ved Lista Sau og Geit, Farsund Kommune, Nortura, Fjøssystemer og Ny giv i sauehaldet.
Kurs
Tysdag 21.oktober, i Eiken : seminkurs på sau. Kursavgift kr 1.000,-.
Påmelding: semin@nsg.no eller tlf 23084770 seinast 14 dagar før kurset.
Nortura skal ha eit kurs ; God på sau , 2 kveldar, 22. og 23.oktober på Vemestad i Kvås.
Påmelding: laila.borsheim@nortura.no eller tlf 80033315. Kurset er gratis for Nortura-leverandører, kr 500,- i eigenandel for dei som leverer til andre.