RAPPORT FRÅ ARBEID PROSJEKT SAU I VEST-AGDER FYLKE, UNNTATT KOMMUNANE LYNGDAL, FARSUND, KVINESDAL, HÆGEBOSTAD, FLEKKEFJORD OG SONGDALEN.

31. JULI 2015 var det 21641 vaksne sauar og verar i Vest-Agder. Det var 1610 meir enn på same tid i 2014.  I 2015 var det 2463 fleire lam på beite enn året før. Det var 9 fleire føretak som søkte produksjonstilskot på sau. Dette er gledelige tal. Audnedal kommune var einaste kommune i Vest-Agder der sauetalet gjekk ned. I Sirdal auka sauetalet med 334 dyr. Lyngdal kommune har hatt størst auke i % sau med rundt 26.

Det er 1,51 gangslam per sau og vaksen vêr i Vest-Agder som er om lag som i Rogaland. Audnedal og Hægebostad er best med  1,74 og 1,65 gangslam. Vest-Agder er for andre året på rad på stjernelam-toppen hjå Nortura på slaktelam med 84,3 %. Dette er kjempebra. I Vest-Agder er det hittil i år kommunane Kristiansand og Hægebostad som ligg i toppen med 91,1 og 88,2 % stjernelam.

Etter ein sein vår har det vore gode sommarbeite både i låglandet og på heia. I år var det stor forskjell i  Vest-Agder kva tid sauar og lam kunne komma ut på beite. Ute ved kysten kom sauar med lam ut på beite i slutten av april  medan indre strøk av Sirdal, Kvinesdal og Åseral fekk ein  sauar med lam ut på beite i slutten av juni, ein forskjell på rundt 2 mnd. Det er ofte for lite vårbeite til sauar og lam i indre strøk av Vest-Agder. Kan det bli aktuelt att sauebønder med store besetningar leiger vårbeite ut mot kysten? Dei som leiger ut vårbeite må ha tilsyn med dyra. Sauebøndene i indre strøk av Vest-Agder kan då ha tidligare lamming, vil få høgare tilvekst om våren og kan slakte mesteparten av slaktelamma direkte frå heibeite.

I 2015 har 8 føretak fått investeringsstøtte til sauehus av innovasjon Norge Agder.

Arbeid i prosjektet sau for sauebøndene i Vest-Agder fylke.

  • Opning av  det nye sauefjøsen til Frode Forgard og møte med mat og landbruksmenister Sylvi Listhaug. Rundt 250 personar på opninga.
  • Fagmøte i Lyngdal om økonomien i sauehaldet. Her møtte heile 81 personar.
  • Med på årsmøte både i lokale sauelag og årsmøte til Vest-Agder Sau og Geit.
  • Fagmøte i Eiken om kva sauebøndene må passa på før lamming, under lamminga og etter lamming til og med beiteslepp.
  • Møte om beitesamarbeid frå Gyland i Flekkefjord til Røysland i Kvinesdal. Jordbrukssjefen i Flekkefjord, Sverre Thele, arbeider her med å få til eitt beitesamarbeid.
  • Kontakt med Kystbeitelaget om utstilling av villsau og gamle husdyrrasar på sauedag i Kvinesdal.
  • Beitevandring, utrangering av sau, uttak av saulam og vêr til livdyr, verehold og bruk av ver på Byremo den 6. oktober.
  • Fagtur for å sjå på sauehus i Eiken og Kvinesdal den 24. oktober. Ca 100 personar.
  • Beitevandring i Songdalen for å sjå på beite og beitesamarbeid.
  • Arbeid med å få lamme tilskotet opp frå 250 kr til 500 kr for kvalitetsslakt slik ordninga var i 2014.
  • Arbeid for att sauebønder kan få lov med investeringsstøtte frå Innovasjon om å byggja større sauehus enn dei har behov for til eigne sauar og leige ut plass til andre sauebønder som treng hus til sau.
  • Besøk til sauebønder som har bygd nytt sauehus dei seinare år. Dei fleste sauebøndene er fornøgd med sauehusa. Det har vore eit problem med att dyra dreg inn grovfòr i bingane både frå rullande fòrbrett og fôrkassar. Med å setja på ekstra kant ut mot bingen har dette blitt bra. Plassering av fôrkassane er og eit anna tema. Det ser ut som det er mest gunstig å plassere fôrkassane ved yttervegg med port ut og fylle kassane med grovfòr med traktor.
  • I 2 nye sauehus har det vore ein god del kasting, daudfødde lam og svakfødde lam. Dette skyldast toksoplasmose og vil bli betre i 2016. Eit føretak fekk mykje skurv på truten til lamma som førte  til skurv på spenar, spesielt på unge sauar, som igjen førte til jurbetennelse på unge sauar. Prosjektet ser att innflytting i nye sauehus kan første året etter innflytting føre til meir sjukdommar på sauar og lam. Det er i alle fall fornuftig å flytta inn i nytt sauehus om hausten.
  • Prosjektet har og besøkt føretak som vil byggja om gamal fjøs eller nytt sauehus. Her har ein i samen med utbygger sett på ressursane på garden og kva som er fornuftig og utføre.
  • Personar som skal starta opp med sau og nye sauebønder har fått besøk. Rutinar for sauedrift i gjennom året og fòring og stell av sau er ofte temaet. Har og hjelpt føretaka med å skaffa livdyr. Dei fleste som byrjar med sau har ofte for lite beite til sau og lam og det går ut over tilveksten på lamma. Prosjektet har blitt godt mottatt og dei fleste høyrer på råd, men nokon må erfare sine feil og taper inntekt på dette.
  • Prosjektet har og blitt kontakta av sauebønder som vil bli betre på sauedrift. Her går det og på gode rutinar, god fòring og stell av dyra og plan for snyltarbehandling. På ein del gardsbruk er det tatt avføringsprøvar av sauar og lam for å finna ut kva type innvendige snyltarar og mengde dyra har og lagar ein behandlingsplan ut i frå det. Fleire sauebruk har fått betre sauedrift og betre økonomi med godt samarbeid mellom sauebonde og prosjekt.
  • Det har vore stor interesse for fagmøter på sau. Sauebøndene er flinke til å møta opp og god kunnskap fører ofte til betre sauedrift og økonomi.

 

Samarbeidet med Ole Steffen Gusdal hjå Fylkesmannen, kommunar, innovasjon Norge Agder, lokale sauelag, Vest-Agder Sau og Geit, Nortura og ikkje minst Norsk landbruksrådgiving Agder har vore kjempebra. Godt samarbeid er grunnen til att vi har fått til noko positivt for sauebøndene.

 

Vi må vere klar over att det går mot nok norskproduserte lam og då kan det bli vanskeligare å få investeringsstøtte frå Innovasjon Norge Agder til sauehus. Dei vil antakeleg prioritere ammekufjøs, oksefjøs og mjølkekufjøs.

 

I januar 2016 skal det vere eit fagmøte i Lyngdal om framtidas sauehus med Andreas Konglevold frå Reime Agri A/S og Stein Ivar Skretting i Felleskjøpet.

 

I mars 2016 skal det vere eit fagmøte i Kvinesdal med veterinær om tips til sauebøndene før lamming, under lamming og til etter beiteslepp.

 

Søgne, 17.11.15

 

Ove Myklebust