Referat frå styremøte 9.mars  2016 kl 19.00 Eiken

Desse møtte: Sven, Leif Bjarne, Paul Edvin, nytt styremedlem Helge Verdal, 
avtroppande sekretær Britt Ljosland Johansson
Forfall: Snefrid

Sak 14/16 innkalling og saksliste godkjend
Britt skriv referatet frå dette møtet

Sak 15/16 Referatsaker
> Sven var på fylkesårsmøtet i Rogaland 26.-27.februar. Bjørn Høyland ny leiar der.
> Sven har skrive ei uttale til jordbruksforhandlingane frå Vest-Agder Sau og Geit
> kontaktutvalet for rovviltsaker
> høyringsuttale ang landsmøtefrekvens: årsmøte kvart år + rep.møte om hausten ?
> nasjonal beitekonferanse i Oslo

Sak 16/16 Konstituering av styret
- viktig at valnemda er klar på kva som trengs i styret. (MEN det er ikkje lett å få folk)
Sven - leiar, kontaktutvalet for rovviltsaker, kåringsansvarleg
Paul Edvin held fram som kasserar.
Snefrid held fram som nettansvarleg/heimesida/Facebook, avlsutvalet
Helge- nestleiar, kontaktutvalet for rovviltsaker
Leif Bjarne- styremedlem
> ingen kunne ta på seg skrivinga !
Styret spurde Britt om å ta på seg skrivinga, sekretæroppgåver mot ei godtgjering.
Britt sa ja til det, som ei midlertidig ordning. Sven skriv forslag til ein avtale.

Sak 17/16 Saker til representantskapsmøte NSG
- auke i kontingenten med kr 100,- for både meir enn/mindre enn 50 sau
- regnskapet i NSG er bedre enn presentert på Årsmøtet; grunna annonseinntekter er det + 40000, og ikkje -200000
 
Sak 18/16 Møteplan 2016, møteplass
Møteplan: 24/5, 16/8, 11/10, 6/12 (Leiarmøte)    +Naturligvis, Evje: 12.-14.august
Møteplass: Rødekors-huset, Eiken
 
Sak 19/16 Eventuelt
- oppdatering Brønnøysundregisteret. 
- lesestavkurs på Forus, interesse for dette her i Vest -Agder ?
- klyppekurs, styret jobbar vidare med plan for klyppekurs til hausten.
- 15.mars kl 19.00; stormøte om sau og lam i Kvinesdal (kulturhuset)


 -skrivar Britt Ljosland Johansson-