Banner Banner Banner Banner

Kalender

  September 2020
Ma Ti On To Fr
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
282930    
       

Vedtekter for Numedal og Sandsvær sau og geit

11.03.2014 | Skrevet av Gunn-Hege Laugen

Vedtekter for Numedal og Sandsvær sau og geit er mye lik vedtektene til Buskerud sau og geit, men med lokale tilpasninger.

VEDTEKTER FOR NUMEDAL OG SANDSVÆR SAU OG GEIT

§ 1 Lokallag

Medlemer i NSG skal organiserast i lokallag

 

§ 2 Årsmøte i lokallag

Det øvste styrande organ i lokallaget er årsmøtet.

Ordinært årsmøte skal haldast innan 1. februar kvart år.

Årsmøtet skal innkallast av styret eller når minst 1/3 av medlemene krev det.

Årsmøte skal kunngjerast med minst 14 dagars varsel til medlemene ved melding i

dagspressa og/eller direkte brev til medlemene. Sakliste skal gjerast kjend for

medlemene.

Årsmøtet skal:

  1. Velje møteleiar.
  2. Godkjenne innkalling og saksliste.
  3. Velje 2 årsmøtedeltakarar, som saman med møteleiaren skal skrive under møteprotokollen.
  4. Handsame styret si melding.
  5. Handsame rekneskap og revisor si melding. Styret har ikkje stemmerett i sak 4 og 5.
  6. Handsame strategi-/arbeidsplan for neste år.
  7. Handsame andre saker som styret legg fram. Eit medlem har rett til å få ei sak handsama i årsmøtet når saka er kome til styret seinast 8 dagar før årsmøtet.
  8. Velje leiar og minst 2-4 styremedlemer. Leiaren vert vald for eit år og styremedlemene for to år om gongen. Velje 3 varamedlemer i nummerorden for eitt år om gongen. Fastsetje eventuelle honorar og dekking av reise-/telefon utgifter.
  9. Velje utsendingar til årsmøtet i fylkeslaget om laget har rett til nokon i tillegg til leiaren som er sjølvskriven.
  10. Velje 2 revisorar.
  11. Velje valnemnd.

Om årsmøtet:

a) Avstemming.

Alle medlemer av laget har stemmerett på årsmøtet.

Årsmøtet tek sine avgjerder ved fleirtalsvedtak. Ved likt stemmetal har leiaren

dobbelstemme. Dette gjeld ikkje ved val. Val skal vere skriftleg dersom nokon

krev det.

Om ingen av kandidatane ved val får meir enn halvparten av stemmene, skal det

haldast omval. Oppnår ingen av kandidatane meir enn halvparten av stemmene

ved andre valomgang, skal det haldast omval mellom dei to kandidatane som har

fått flest stemmer i andre valomgang. Vert stemmetalet likt i tredje valomgang

vert valet avgjort ved loddtrekking.

Alle val på årsmøtet gjeld, om ikkje noko anna er fastsett, frå årsmøtet sluttar.

b) Ekstraordinært årsmøte vert innkalla når styret eller 1/4 av medlemane i laget,

eller styret i fylkeslaget, krev det.

c) Det skal førast protokoll frå årsmøtet.

 

§ 3 Styret i lokallag

Arbeidet i lokallag vert leia av eit styre. Styret er ansvarleg overfor årsmøtet i

lokallaget.

Styret er samansett av leiaren og styremedlemene valde av årsmøtet.

Styret er vedtaksført når minst halvparten av styremedlemene er til stades.

Styret skal mellom anna:

  • Velje nestleiar og kasserar.
  • Leia laget i samsvar med NSG sine lover og vedtak gjort i medhald av desse.
  • Ta opp saker som fremjar NSG sine føremål, og saker som er av interesse for medlemene.
  • Planleggje og setje i verk dei sakene som fylkeslaget og NSG sentralt gjer framlegg om.
  • Ta opp nye saker og setje i gang nye tiltak som kan vere til hjelp for sau- og geitehaldet.
  • Arbeide for utnytting av utmarksbeite og organisert tilsyn og sanking.
  • Arbeide for å gjennomføre avlsplanane for småfe etter retningsliner gjeve av avlsråd for sau og fagråd for geit godkjend av landsstyret.
  • Styret bør ha møte minst 4 gonger i året.
  • Det skal førast protokoll frå styremøte.
  • Årsmelding, rekneskap og strategi-/arbeidsplan skal sendast fylkeslaget.

§ 4 Æresmedlem i lokallag

Æresmedlem i lokallag vert utnemnd av årsmøtet i lokallaget etter framlegg frå

styret i lokallaget. Framlegget må vere godkjend på førehand av styret i fylkeslaget.

Æresmedlem skal ikkje betale kontingent, den skal dekkast av lokallaget. Det skal

betalast redusert kontingent for æresmedlem.

 
Numedal og Sandsvær Sau og Geit
Org. nr.:
Leder Dag Heinz
Kontakt Tlf.: 92853592   E-post: dag@heintz.no
Sekretær Trond Bjørge
Kontakt Tlf.: 41571840   E-post: t.b.teksle@online.no