ÅRSMELDING 2015                           

GJETERHUNDNEMNDA I HSG

Nemnda har vore slik samansatt:
Audun Seilen- leiar, Stein Dalland, Ragnhild Reisæter
Vara :  Egil Øvstebø, Ivar Haug, Gunnar Lægreid          

Punktvis oppsummering av stor gjetarhundaktivitet i Hordaland 2015.

 

  1. Martin Heggelund og Hamich Mitshell har fullført instruktøropplæring. Velkommen til desse to.

 

  1. Stein Dalland og Hamish Mitchell har deltatt på dommarkurs. Er då aspiranter og skal blant anna dømma eit visst antall prøver i lag med fadder før dei slepp til som fullverdige dommarar.

 

  1. Storkurs Rosendal  mars 2015. Eit flott kurs med gode tilbakemeldinger. Stor takk til Ingebjørg og resten av gjengen i Rosendal for at dei stiller opp og lar oss bruka areal og sau denne helga.

 

  1. Fagtur til Skottland med instruktørane i Hordaland 29 jan -1 febr 2015.  Flesteparten av instruktørane i fylket takka ja til å vera med på denne turen til gjetarhundens vugge. Kort oppsummert vart dette ein fantastisk tur der me fekk sjå deler av eit flott land, besøkja gjetarhundfolk  med ein fantastisk gjestfrihet. Alan, Lotta og Mosse og Andy vist oss forskjellige hunder og fortalte korleis dei tenkjer og legg opp treninga for det enkelte individet. Egen artikkel frå turen på heimesida.
  2.  

 

  1. Heimeside er lagt over på Nsg plattforma. Håpar me på denne måten får til tettare kontakt med sauelaga i fylket.

 

  1. Prøver 2015 har vore  DP kl 1, 2, 3 Rosendal,  Dp kl 1, 2, 3 Kvam, Fm kl 3 Kvam + kl 1 og 2,  2 stk LP kl 3 
  2. .  Tøft med ungdommane som stilte i «kids» klassen på Voss og Osterøy.

 

  1. Fylkesmeister 2015 vart Stein med Jock, 2 plass Ivar Haug med Boxer,  3 plass  Sander Hindenes med Marco

 

  1. Hordalandscupen 2014. Samanlagtresultat frå tre beste prøvane i klasse 1, 2 eller 3. Gjelder prøver arrangert i Hordaland.  Ekvipasjer som går ned i klasse er ikkje teljande i cupen. 

 

Resultat Hordalandscupen 2015.

Klasse 1. 1 plass Job Normann Nedrebø med Gazza, 2 plass Marianne Byrkjeland med Marsco, 3 plass Svein Haug med Sist.

Klasse 2. 1 plass Ingebjørg Kjærevik med Jim, 2 plass Job Normann Nedrebø med Runi, 3 plass Lars Grønstad med Rikki.

Klasse 3.1 plass Sander Hindenes med Gael, 2 plass Stein Dalland med Mist, 3 plass Egil Øvstebø med Non.

 

  1. «NY GIV» prosjektet går sin gang. Har fått ny kvalp (Hera) våren 2014. Familien på Varaldsøy deltok på kurset i Rosendal. Har gått gj.h prøve og fått bruksprov kl 1 på Hawaii.   Møteserie «ny giv» våren 2015.

Minstemann Erlend var med iprogrammet «dyrevenn» på Nrk super. http://tv.nrksuper.no/serie/dyrevenn/DVDV74001115/sesong-8/episode-11

 

  1. Gjetarhundoppvisning på matfestivalen i Bergen. Då bergensarane ville ha alternativ underholdning,  fylte Stein bilen med hund og sau og viste bruk av gjetarhund på sjølvaste Koengen.

 

  1. Flott å registrera god driv i mange lokallag med treningssamlinger og lokale kurs.  Voss arrangerte i anledning prøven på  Voss, kurs i å gå prøver. Godt tiltak.

 

  1. 9 ekvipasjer frå fylket  reiste til Kvitfjell for å delta på NM i bruk av gjetarhund. Med to i finalen og sjette  beste fylke sammenlagt vart ikkje dette så verst. Me beheldt dermed same kvote til 2016. Viktig at me gjer grep som sikrer nivå og kvote.

 

  1. Nemdas medlemer har gjennom året deltatt på ein rekke møter i regi av fylkes eller lokallag.

 

 

TAKK TIL ALLE SOM STILLER OPP OG GJER EIN INNSATS FOR GJETARHUNDEN!

Lonevåg 15/1-2016    Audun Seilen, leiar