Banner Banner Banner Banner

Kalender

  November 2020
Ma Ti On To Fr
      1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
30      

Siste publiserte artikler

årsmelding 2011

17.02.2013 | Skrevet av Anita Jordalen

                                         

Årsmelding 2011 for Vossestrand sau og geit

 

Styret detter året :  Anita Jordalen, leiar

                              Knut Skjervheim, nestleiar

                              Einar Selland, skrivar

                              Lars Arne Hemre,  kasserar

                              Dag Søtvik, styremedlem

 

Valnemd Alf Ragnar Devik 1år, Tormod Urheim 2 år, Hans Birger Claussen 3 år.

Leiaren sit som 1. vara fylkesstyret og møtte og på fylkesårsmøtet.

 

Årsmøtet var på Vossestølen, der me fekk servert heimelaga sauekorv hjå Halvard.

 

Styret har berre hatt eit møte men har hatt god kontakt pr telefon, epost og meldingar.

 

I samarbeid med Voss og Vaksdal Sau og geit arrangerte me tur til Sunnhordland og Haugesund i mars. Totalt var det ein gjeng på 34 personar som reiste, Besøkte 4 gardar med ulike driftsmåtar. Kjekt å sjå korleis andre driv og ein kan få idear og inspireasjon til ting ein kan endra på, og det er kjekt å koma i lag med andre og og det var ein veldig kjekk kveld på Hotell Maritim i Haugesund der Olav Håvardsholm, som sit i fylkesstyret, driv med sau sjølv og er rekneskapsførar og har mykje tal og statistikkar på sau over 25-30 år,  orienterte oss angåande økonomi på sauen. Og me fekk veta at dekningsbidraget var svært varierande, frå under 100 kr til over 2000 pr sau, Så det kan vera nyttig og økonomisk og sjå korleis andre gjer det.

 

 I vinter var ein del av oss med på fjøsskule i regi av dyrlege Asle Bjørgaas, me brukte 6 kveldar på det, ein kveld hjå kvar, Først ein times tid i fjøset og så inn rundt kjøkenbordet der me fekk servert kveldsmat og praten gjekk ivrig. Me skulle koma med eit problem og noko me hadde lykkast me og så vart det diskusjon i gruppa om kva tiltak ein kunne setja inn for å løysa problemet og kva  som gjorde at me lukkast med  ting. Då vart det eit tema me tok opp kvar gong.  Dette var svært lærerikt og sosialt, Asle Bjørgaas skreiv referat og  dei kan brukast som eit lita oppslagsbok.

 

I samarbeid med Vaksdal og Voss sau og geit vart kåringa arrangert fyrste laurdagen i oktober, Me har fått til godt samarbeid og ridehallen er godt egna til kåring men me ynskjer oss meir publikum, dette er noko alle sauebønder bør ta seg tid til, både for å sjå på kårinskandidatane og det er viktig arena feo å koma i hop med yrkebrødre. Og det er ynskeleg at fleire melder seg på kåringa, det går mykje gode verlam til slakt. Og medlemer i laget har kome godt ut resultatmessig både på Nks og spel og viser at det me driv med er på eit bra høgt nivå.

 

Sommaren 2011 har vel vore den verste sommaren i manns minne, det viste seg og på slaktevektene  i haust, etter nokre gode år vart mange av oss skuffa, men det viktig at me ikkje gjev opp, det vil koma gode år att.

 

Ull leveringa går greitt både for Norilia og Fatlandsleverandørar, Har fulgt same opplegget i fleire år. Noriliabilen har 4 stopp til bestemte klokkeslett og Fatlands hengaren står på Sambygg så folk kjem med ulla der sjølv, Og eg må få skryta kor flinke de er å lessa på sjølve. Alt er bra stabla og sjåføren kan berre lukka døra og køyra når han kjem.

 

I haust fekk me søknad frå Myrkdalen Sau og geit om ynskje å bli samanslått med Vossestrand Sau og geit og det var det var det samrøystes stemning for hjå oss. Og økonomisk har me gjort det slik at dei går inn med same pengesum pr medlem som me har dvs  900,-                                              

 
NN Sau og Geit
Org. nr.:
Besøksadresse
N-
Postadresse
N-
Kontakt Tlf.: (+47)