Banner Banner Banner Banner

Kalender

  November 2020
Ma Ti On To Fr
      1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
30      

Siste publiserte artikler

Årsmelding 2012

Årsmelding 2012 Vossestrand sau og geit

 

 

Styret detter året :  Anita Jordalen, leiar

                              Knut Skjervheim, nestleiar

                              Bjørn Atle Nesheim, skrivar

                              Lars Arne Hemre,  kasserar

                              Einar Selland, styremedlem

                              Dag Søtvik, vara

Valnemd : Tormod Urheim, Hans Birger Claussen og Lars Ove Sausjord

Dette året er det fyrste etter samanslåinga med Myrkdalen sau og geit. Me hadde årsmøte i Myrkdalsstova og leiaren i HSG Nils Inge Hitland snakka om avl og kor viktig og  verdifult avlsarbeidet kan vera.

Me har berre hatt eit møte men har kontakt gjennom epost og telefon.

I samarbeid med Vaksdal og Voss sau og geit vart kåringa arrangert 4 oktober.  Me har fått til godt samarbeid og ridehallen er godt egna til kåring men me ynskjer oss meir publikum, dette er noko alle sauebønder bør ta seg tid til, både for å sjå på kåringskandidatane og det er viktig arena feo å koma i hop med yrkebrødre. Det vart kåra nær 160 fine lam. Det var 6 stk frå laget vårt som var med på kåringa og det vart fleire premiar på desse. Premie for høgste dommarpoeng gjekk til Vossestrand i begge rasar, Terje Noranger for nks og til Lars Hole for spæl. Det er ynskeleg at fleire melder seg på kåringa, det går mykje gode verlam til slakt.

Nokre av medlemmene våre er aktive i gjetarhundarbeidet, Dei trenar i lag med Voss sau og geit, vinterstid i ridehallen på jordbruksskulen og sommarstid hjå Ivar Haug.

Me søkte i lag med beitelaget på å få prøva ut radiobjøller, me fekk fyrst nei men vart ringt opp att seinare om me fortsatt ville vera med, hadde ei annonsa i « Hordaland « og det var 8 saueprodusentar som melde si interessa til å vera med, me fekk låna 20 bjøller og kjøpte 55 bjøller i tillegg, desse var godt sponsa av beitelaget. Me var alle einige om at bjøllene hadde gjeve oss mykje og nye erfaringar om dyras beite mønster, og så lenge dei virka var dei eit fantastisk verktøy. Begrensinga låg i mob. dekninga og batteri kapasiteten til  bjølla. Me rekna med å vera med eit år til  og håpar me for vera med på nokre bjøller som ikkje treng mobildekning. Kriteria for å vera med var å skriva ein utfyllande rapport etter sesongen.

Ull leveringa har gått som vanleg for dei som leverer til Norilia,  men med haustulla til Fatland kunne det gått verre med, fekk ein telefon frå ein mildt sagt rasande bergensar pga lessinga vart gjort på ein slik måte at det bakerst rommet vart fylt opp fyrst og hengaren tippa bak det var uråd å festa hengaren på bilen, all ulla måtte ut att og lessast på nytt, me fekk i allefall ikkje eit raudt øre i år fekk me beskjed om, Men det kom hjelp til og sjåføren roa seg og eg håpar pengane kjem i år og. Men til seinare tid må de vera gilde å lessa i fremste rommet fyrst utan blir det til at bilen kjem og står det 1/2 under lessing. Alle dei andre åra har me fått skryt kor godt det var lessa.

Laget svara på høyringa om den nye avlsplanen, det var svært få lokal lag som hadde sendt inn til fylkeslaget, kun 3. Me svara at me ville ha det mykje som i dag, dvs ha lokale ringar og regionane som i dag og at ringane må eiga verene.

HSG ,Voss og Vossestrand sau og geit skipa til fagmøte på jordbruksskulen der Atle Domke hadde innvollsnyltarar som tema, godt oppmøte, 85 stk.

 
NN Sau og Geit
Org. nr.:
Besøksadresse
N-
Postadresse
N-
Kontakt Tlf.: (+47)