Harald Pedersen frå Tveit Regnskap synte kor mykje ein kan tene på sauen og kor lite mange tjenar på sauen. Den beste tredelen har 2.750 kr i dekningsbidrag per vinterfôra sau (inkl tilskot), medan snittet ligg nesten 1.000 kr lågare. Dette fortel og at svært mange tener mykje mindre på sauene sine enn kva som er potensialet.

Fleire lam til slakt er nøkkelen
I Hordaland vert det i snitt berre vert levert 1.17 lam til slakt per vinterfôra sau. Dei beste leverer over 2 lam per vinterfôra sau får såleis nesten dobbel inntening på leverte lam. Tal leverte lam på hausten er nøkkelen som utgjer den store skilnaden i økonomi i drifta. Altså er det tal leverte lam på hausten kvar og ein alltid må prøve å forbetre.

På møta vart det gjort eit forsøk på å få kvar enkelt deltakar til å rekne ut forbetringspotensialet på leverte lam på sit bruk. Eitt ekstra levert lam på hausten utgjer minimale ekstra kostnader, men ganske mykje i inntening. Litt forenkla kan ein rekne med at kvart ekstra slaktelam fører til kr 1.580 i inntening. Mange av sauebøndene som møtte vart med på ei felles utrekning der vi rekna på potensiell inntening i salen. Til dømes vil forbetring på 0,2 leverte lam per vinterfôra sau i ein buskap med 100 vinterfôra utgjere en auke inntening på over 30.000 kr (kr 1580 x 0,2 fleire leverte per vf sau x 100 vf sau = 31.600 kr). Her finn du foredraget til Harald Pedersen

Korleis berge fleire lam?
Grove reknestykker kan ofte verke svært forenkla, men gjev likevel ei t godt bilete på kva potensiale ein har for å auke innteninga. Det er ikkje alltid store endringar i drifta som må til for å få fleire lam levert på hausten. Ekstra tid til oppfølging av dyra i perioden rundt lamming vil ofte vere ein god investering. Kanskje det kan vere noko å hente på å sjå på sine eigne «gamle vanar». Sjå gjerne litt på artikkel om NyGiv sin gjennomgang av fjøsrutinar og lammetap hjå John Karsten Rauholm på Fitjar her.

Om å setje seg mål
På slutten av møta oppfordra Harald Pedersen bøndene til å setje mål for kva ein vil oppnå i drifta.  I eitt av møta kom då følgjande visdomsord frå salen; «Viss du gjer som du alltid har gjort – så kjem du til å vere der du alltid har vore!»

Sett deg eit mål for 2014: ___________________

Skriv det ned og fortel det til andre!

Stord sau og Geit v/leiar Sørheim har satt lokallagets mål: 1,5 leverte per vinterfôra sau


God stemning på Stord

 


Stort oppmøte i Knarvik