Hordaland Sau og Geit                             

 

 

                                     

 

Referat styremøte fredag 27. oktober 2017

Stad: Comfort Hotel Bergen Airport.

 

Desse møtte: Reidar Kallestad, Kjetil Rødland, Arnt Bakke, Oddmund Hilda og Ola Steinsland.

Tore Atle Sørheim møtte frå Avlsutvalet

Forfall: Tor Arne Sandvik frå styret, Ivar Haug frå Gjetarhundnemnda og Ole Johan Eidsnes frå Briteutvalet

 

Saksliste:

 

Sak 58/17       Godkjenning av innkalling:

                        Vedtak: Godkjent

 

Sak 59/17       Godkjenning av referat frå styremøtet 03.08.17:

                        Vedlegg. Referat frå styremøtet 03.08.17.

                        Vedtak: Godkjent

 

Sak 60/17       Oppsummering etter leiarmøte NSG:

·         Medlemskontingent

·         Sal av sau/lam før sesongen 2017 -var ein dyr affære for næringa

·         Redusera overproduksjonen .. kan alle ha ein 2-3 sau mindre eller ikkje para alle påsettlamma?

·         Bør ei leggja om bruken av midlar frå Innovasjonen til ombygging restaurering og ikkje nyetableringar?

·         Hordaland Sau og Geit presenterte for Rep. møte i NSG " slik gjer  det"       

 

Sak 61/17       Gjennomgang kåringa 2017:

                        Vedtak: Denne saka blir tatt opp på leiarmøte men Tore Atle var

                        innom bruken av den nye lupa til ull vurdering og om tilbakemeldingar

                        frå kåringa rundt om i Hordaland.

                                                                                       

 

 

 

 

Sak 62/17       Gjennomføring leiarmøte i HSG 27. – 28. oktober:

                        Vedtak: Gjennomgang av program og gjennomføringa av   

                        samlinga. Det er kom melding frå "vårt" hotell at dei er overbokka

                        og vårt møte i kveld må flyttast til Clarion hotell som ligger like ved.

                        Saker som leiar vil ta opp og få tilbakemelding på frå lokallaga er:

·         Kurs for nye sauehaldarar

·         HSG 70 år i 2018

 

Sak 63/17     Markedet for sau/lam:

                      Vedtak: Reidar Kallestad orienterte kort og sa at denne saka blir

                       gjennomgått i leiarmøte der både Fatland og Nortura skal ha innlegg om

                       tema.     

 

Sak 64/17      Fagsamling beitebruk i Hordaland 26. – 27. januar 2018:

                       Vedtak: Fylkesmannen har invitert beitenæringa ved HSG til to dagars

                       samling 26. – 27. januar med tema som er aktuelle for næringa. Program   

                       og stad er ikkje heilt på plass. 

 

Sak 65/17     Aktivitetsplan for 2017:

                      Vedtak: På grunn at knapp tid blir aktivitetsplanen utsett til neste møte.

 

Sak 66/17      Julebord 2017:

                       Vedtak: Fagtur med Julebord går i år til Bardøla Hotel, Geilo 15. – 17.

                       desember. Lagar program for laurdag bed besøk til bønder og industri.

                       Det blir og henta inn pris hos NSB på felles billettar. Prisar/program er

                       lagt ut på heimesida. Sjå: http://www.nsg.no/hordaland/

 

Sak 67/17      Skal HSG lage fagsamling for nye sauehaldarar? 2018

                       Vedtak: Reidar Kallestad orienterte om behovet for

                       informasjon/fagpåfyll for nye sauebønder. Han meiner HSG må få i

                       stand samling for denne gruppa i 2018. Han vil ta dett opp i leiarmøte

                       og samordna dette med lokallaga sin tilråding.

 

Sak 68/17      Ymse:

                        Under Årsmøte 2017 blei det lova og betala ut godtgjersle til lokallaga

                         pr. netto auka medlemmer. Dett skal styret sjå på, sli at dette blir

                         gjennomført.

 

Karluf Håkull

Sek.