Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Mars 2021
Ma Ti On To Fr
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293031    
       

ÅRSMELDING 2020

Årsmelding for Nordfjord Gjetarhundlag 2020


 

Styret har vore:

Leiar. Halvor Tenden

Nestleiar/Sekretær Jan Kåre Ravnøy

Kasserar. Ailen Skogeng

Styremedlem. Nils Sandnes

Styremedlem. Øystein Fjellestad

Laget har hatt eit styremøte og eit Årsmøte. I tillegg har styret vore i kontakt per telefon.

Laget har i 2020 hatt 20 medlemar.

21 og 22 November hadde laget kurs på Søreide på Sandane. 7 deltakarar var på kurset. Instruktør, Halvor Tenden.

Nordfjord Gjetarhundlag var og vertskap for kurset til Team Sogn og Fjordane den 15 og 16 Februar. 6 personar deltok, 4 av dei frå Nordfjord Gjetarhundlag. Kurset var på Tenden. Instruktør, Sander Hindenes.

DP Stryn 4 og 5 Juli. Kl 1, 2 og 3. 68 startande. DP Sandane 10 Oktober. Kl 1, 2 og 3. 29 startande. FM Sandane 11 Oktober. Kl 3 med finale. 19 startande. DP Olden 1 November. 22 startande.

Fylkesmeister vart Halvor Tenden med Adam.

2 frå laget deltok på Norgesserien, Ailen med 2 hundar, Halvor med 3 hundar. Halvor vart kvalifisert til finalen og deltok med 2 hundar.

Sogn og Fjordane kunne stille med 2 hundar i NM. Dei 2 som blei kvalifiserte kom begge frå Nordfjord Gjetarhundlag : Trixie og Adam med førar Halvor Tenden.

Det har vore 4 annonserte fellestreningar i løpet av året. I tillegg har det vore fleire treningar med varierande deltaking.

Nye godkjende hundar i 2020: Millie, Jan Kåre Ravnøy og Ronja, Sarah-Helen Fuglestrand.

Pga. Covid 19 situasjonen har 2020 vore eit spesielt år. Men tross restriksjonar nasjonalt og frå NSG sentralt, har laget likevel klart å holde seg til arbeidsplanen for 2020. 138 startande på DP og FM har gjeve ei god inntekt til laget. Kurs som var annonsert om våren måtte utsettast, men vart arrangert om hausten. Har vore noko færre fellestreningar, men har likevel vore ein god del treningar rundt i distriktet, både på kveld og dag.

Nordfjord gjetarhundlag. Stryn 31. Januar For styret Halvor Tenden

 
Nordfjord Gjetarhundlag Org. nr.: 912304078
Besøksadresse​ Tenden, 
Postadresse  6783 STRYN
Kontakt​  Halvor Tenden, tlf 913 19502