Styret i Interesselaget foreslo i utgangspunktet 201633281 Gorm i staden for 201633258 Coutinho. Avlsutvalet i NSG valde Coutinho pga ein o-indeks på 123. Årsaka til at styret ynskte Gorm i staden for Coutinho, var at Coutinho er sonen til Vinjegosi.
201666118 Fjalarson var også tatt ut, men måtte avlivast 10. august. Årsaka var nyreproblemer. Interesselaget fekk forespørsel frå avlssjefen i NSG om me ynskte å ta ut ein annan vær. Tidsfristen på tilbakemelding var samme dag pga prøvetaking av mædi. Styret hadde ein diskusjon rundt dette, men klara ikkje å verta enige om kven me eventuelt skulle ta ut. Difor er det i år berre 4 farga spælværar, som er tatt ut i år.