Årsmøte 2025 i Vestre Sunnmøre Gjetarhundlag
Vart halde på Vestre Bakeri sin kafe` i Volda Torsdag 30.01.25
Innkalling, sakliste. Årsmelding og Rekneskap var sendt ut til 25 betalande medlemer på førehand.
Møtereferat
Leiar Halvor Tenden ynskte vel møtt til fylgjande frammøtte medlemer
Halvor Tenden Leiar
Lillian Stranden Risahagen Nestleiar
Ola Steinsvik Kasserar
Knut Sverre Dahl Styremedlem møtte ikkje
Eldar Dale Skrivar
Andre møtande medlemer:
Gunnhild Larsgård, Per Steinsvik, Ailen Skogeng, Jan Myklebust, Tina Fiskaa
Årsmøtet:
Leiar Halvor Tenden leidde årsmøtet
a)
Konstituering
Eldar Dale vald til referent
Jan Myklebust og Lillian Stranden Risahagen valde til å signere referatet
b)
Årsmelding
Leiar refererte årsmeldinga som etter litt supplering vart samrøystes godkjend
c)
Rekneskap
Kasserar refererte hovudtala i rekneskapen og orienterte og svarte på detaljar
Det er stadfest at vi kjenner til påkomne kostnader på 3570,- som det ikkje er komne faktura på. Kasserar vert bedd om å justere rekneskapen for 2024 slik dei reelle tala viser.
Revisorane hadde godkjend rekneskapen og årsmøtet godkjende Rekneskapet med endringa
d)
Medlemskontingent 2025
Det vart sett fram forslag om å auke kontingenten til 400,- som vart samrøystes vedteke.
e)
Val
Valnemda hadde sendt inn sitt framlegg til val
Halvor Tenden vart samrøystes vald for 1 år etter tilrådinga
Knut Sverre Dahl har sagt frå seg attval
Tina Fiskaa Ny Vald for 2 år
Ola Steinsvik Attval for 2 år
Lillian Stranden Risahagen Ikkje på val
Eldar Dale Ikkje på val
Vararepresentantar
1ste vara til styret Per Steinsvik Attval
2dre vara til styret Rasmus Aarflot Attval
Valnemda
Kim Garshol Ikkje på val
Gunhild Larsgård Ny Vald for 2 år
Revisorar
Ingvald Skårland Attval
Jan Myklebust Ikkje på val
Val av utsendingar til fylkesårsmøtet i M&R Gjetarhundlag
Halvor Tenden, Per L Steinsvik, Ailen Skogeng
f)
Innkomne saker
Det var ikkje komne inn saker, årsmøtet sette gjennomgang av retningsliner for laget på saklista og vedtok at styret må ajourføre retningslinene
Styrehonoraret skal vere uendra: Leiar kr. 2000 Kasserar kr. 1500 Styremedlemer kr. 500.
g)
Arbeidplan 2025
Vintertrening:
Vi startar året med fellestreningar i lag med Nordfjord Gjetarhundlag i Ridehallen til Fjordhestsenteret på Nordfjordeid 12 og 19 Januar og 2 februar
Fellestreningar vidare vert annonsert på FB sida til laget
Utetrening er mogleg hos (veravh.)
Laila og Jan på Fiskå
Ailen og Halvor i Sollida
Steinsvik/Larsgård i Steinsvika
Når snøen vert borte og treningsdyra er på plass vil det verte sett opp faste treningsdagar og på treningsbana vår i Follestaddalen
Sjekk Facebooksida for nærare info.
Kurs: Vi vil prøve å få i stand 2 kurs i 2025. eit av disse med ekstern instruktør
Endeleg tid og opplegg vert opplyst seinare, men det eine kurset vert lagt til treningsbana i Follestaddalen med Philipp Schips som instruktør
Prøver: 1.

Fiskåprøva (årleg)

Vi søkjer om å arrangere LP/Norgesserieprøve også i år, eventuelt i samarbeid med Nordfjord.

Sommarprøve på Gamalnorsk sau med lam på Folkestad
Vi ynskjer eventuelt nye ekvipasjar velkomne til miljøet og vil hjelpe til so langt råd er
Referent
Eldar Dale
Jan Myklebust Lillian Stranden Risahagen
Sign.                Sign.