Vedtekter for Vestre Sunnmøre gjetarhundlag slik dei lyder etter årsmøtet 2. februar 2021

1. FØREMÅL Laget skal stimulere til auka og betre bruk av gjetarhundar m.a. å drive informasjonsarbeid, arrangere kurs, treningar og gjetarhundprøver. For dei lokale sau- og geitalslaga som ynskjer det, kan laget ta på seg ansvaret som gjetarhundnemnd.

2. MEDLEMSKAP Alle som er interesserte i gjetarhundarbeid i distriktet kan verte medlemer i laget. Stemmerett har dei som har betalt årskontingenten. Medlemer under 18 år betaler full kontingent. Dei får dekt kursavgift på eit kurs laget arrangerer, eller tilsvarande. Gjeld til og med det året dei fyller 18 år.

3. STYRET er samansett av 5 personar. Leiaren vert vald særskilt i årsmøtet. Styret konstituerer seg sjølv med nestleiar, kasserar, skrivar og styremedlem.

4. ÅRSMØTET Skal haldast innan 15. februar. Saker som medlemane ynskjer handsama i årsmøtet må vere styret i hende innan utgangen av desember. Innkallinga skal sendast seinast 10 dagar før møtet. Sakliste, årsmelding og rekneskap skal gjerast kjend for medlemene seinast 5 dagar før møtet. Årsmøtet skal handsame følgjande saker:

         a. Konstituering av møtet. Val av møtebokskrivar og to medlemer til å skrive under møteboka.         

         b. Årsmelding

         c. Rekneskap.

         d. Fastsetje årskontingenten.

         e. Val av                     -Leiar for 1 år.  

                                            -2 styremedlemer for 2 år.

                                            - 2 varamedlemer i rekkjefølgje for 1 år.

                                            - 1 revisor for 2 år av i alt to, slik at ein av dei står på val kvart år.

                                            - Valnemnd.

                      f. Innkomne saker

                     g. Arbeidsplan og budsjett for komande år.

5. UNDERUTVAL, KONTAKTPERSONAR Når styret finn det tenleg kan det nemne opp underutval som t.d. banenemnd, arrangementskomiteear, kontaktpersonar, kvelpeformidlar eller til andre oppgåver.

6. VEDTEKTSENDRING Krev 2/3 fleirtal i årsmøtet og må vere nemnt i årsmøteinnkallinga. Framlegg til vedtektsendringar må vere styret i hende innan utgangen av desember månad for å kunne takast opp i det føreståande årsmøtet.

7. EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE Kan krevjast av eit fleirtal i styret eller minst 1/3 av medlemane. Det skal innkallast på same måte som for vanleg årsmøte. Ekstraordinært årsmøte skal berre handsame handsame saker som er nemnde i innkallinga.

8. OPPLØYSING Av laget kan berre vedtakast av eit ordinært årsmøte og med 2/3 fleirtal. Ved oppløysing av laget skal gjerde og anna baneutstyr overførast til det sauealslaget der banen ligg om ikkje anna er avtala i leigekontrakten på arealet. Eventuelle udisponerte pengar skal overførast til gjetarhundnemnda under Møre og Romsdal sau- og geitalslag.

9. GODKJENNING Desse vedtektene vart godkjende på skipingsmøtet/årsmøtet den 29. januar 1998. Vedtektsendring i pkt. 2 på årsmøtet i 2012 og i pkt 4 på årsmøtet i 2006 og på ordinært årsmøte på Teams den 2. februar 2021.