Som alle veit har me store utfordringar med å få samla medlemmane våre til eit fysisk årsmøte i 2021.
NSG sentralt har oppfordra alle lag til å prøva å få gjennomført årsmøte på ein måte som kan fungera for dei ulike laga.
Styret har difor bestemt at me dette året prøver å gjennomføra møte digitalt på Teams.
For nokre av oss er dette ein ting som er uproblematisk og for andre er eit slikt opplegg vanskeleg å ta del i.
Dei som ønsker å delta digitalt, må senda e-post adressa si til meg så får dåke link til digitalt møte i retur.
Dei som ikkje har noko mulighet til å delta digitalt, skal få tilbod om å samlast fysisk på ein egna stad. (maks 5 stk) Ein av oss i styret kjem til å vera med der for å overføra møte digitalt.
Styret ber om forståels for dette opplegget. det vert ikkje lagt opp til noko anna opplegg enn rein sakliste. Det vert heller ikkje mulighet for skriftleg val. Har du innspel til valnemda tar du kontakt med Nils Ragnar Vika i god tid før møte.
Dei som deltar digitalt sender mailadressa si til ola.steinsland@vlfk.no
Dei som må møta fysisk ringer meg på 91876370.
Sakliste Årsmøte.
1. Val av møteleiar og referent.
2. Godkjenning av innkalling og sakliste.
3. Val av 2 medlemer til å skrive under møteprotokollen.
4. Årsmelding.
5. Rekneskap.
6.Handsaming av arbeidplan for 2021.
7. Innkomne saker
8. Val av leiar
9. Val av styremedlemer
10. Val av tre varamedlemer til styre
11. Val av gjeterhundkontakt
12.val av usendingar til Fylkesårsmøte
14. Val av revisorer
15.val av ny valnemd.
Andre saker som skal opp på årsmøtet må vera styret i hende innan 10/2
Årsmelding og rekneskap blir presentert på møtet