Fagmøte i regionane
Hordaland Sau og Geit ønskjer at regionane arrangerer fagmøte i løpet av 2023 og har sett av midlar til dette.
Hordaland Sau og Geit ønskjer å stimulere til fagleg aktivitet i alle regionar i
området. Vi ser for oss at kvar region arrangerer eit større fagmøte i løpet av
2023. Det er sett av inntil kr 10.000 til dokumenterte kostnader for eit slikt
møte per region. Evt. kan to regionar velje å samarbeide om eit større møte
med tilskot på inntil kr 20.000.
Føresetnad for midlane er at fagmøtet vert lyst ut bredt slik at det er ope for
deltakarar i heile Hordaland dersom nokon ønsker å få med seg fleire møte.
Fagleg tema og innhald vel regionane sjølv.
Mvh
Hordaland sau og Geit