Rune Landås er ein roleg og balansert sørlending. Rune er aktiv i gjetarhundmiljøet, der han også konkurrerer på høgt nivå. For mange er Rune kjent frå TV - serien "Dyrepasserne" i Kristiansand Dyrepark.

At han stadig stiller til start med nye, lovande unghundar som sprudlar av iver og arbeidsglede, viser at han må vera god på kunsten å forma kvalpen til den blir unghund og klar for gjetarhundtrening. 

Me i Hordaland er så heldige og har fått Rune til å dela denne kunnskapen med oss, og inviterer difor alle medlemmer i Hordaland Sau og Geit til å delta. 

Påmelding innan måndag 17.01.22 til Ivar Haug via SMS. Skriv namn på deltakar/-ar og e - postadressa di i ei tekstmelding til nr. 97150041. Du vil så i løpet av tysdag motta e - post med link til møtet. 

Temakvelden kostar kr. 200 pr deltakar, dette innbetalast til HSG sin konto: 3480 16 13650 før møtet.