Årsmelding 2014
Gjetarhundnemda kan oppsummera 2014 med mykje godt gjetarhundarbeid.
GJETERHUNDNEMNDA I HSG
Nemnda har vore slik samansatt:
Audun Seilen- leiar, Stein Dalland, Ragnhild Reisæter
Vara : Egil Øvstebø, Ivar Haug, Gunnar Lægreid
Gjetarhundnemda kan oppsummera 2014 med mykje godt gjetarhundarbeid.
- Instruktørkurs for aspirantar. Siste del av kurset vart halde i ridehallen på Voss Jordbruksskule 15 og 16 febr-2014. Velkommen til nye instruktører i fylket.
- Storkurs Rosendal mars. 35 deltakere fordelt på 6 grupper. Gode tilbakemeldinger frå deltakarane, med oppfordring om å ha kurs i 2015 òg. Instruktørane jobba gratis og tok heller ikkje betalt for reise. Overskotet vart øyremerka fagtur til Skottland i 2015.
- Kurs for dugnadsgjengen frå NM 2013, vart arrangert hjå Marianne 26/6 – 3/7. Karin Søderberg kom over frå Sverige. Ho er meget dyktig som instruktør som er flink å læra frå seg. Flott og lærerikt kurs for dei som deltok.
- Treningssamlinger og lokale kurs og aktiviteter har gått sin gang også dette året. Dette er trass alt viktigaste arbeidet, så her er det viktig at alle hjelper til med å halda i gang og støtta opp under eldskjeler. Må ha mål om få fram kontaktinformajon til lokallaga sine gj.h representanter og prøva senda regelmessig info til desse.
- Prøver 2014 har vore DP kl 1 Etne, DP kl 1, 2, 3 på Hosteland - Masfjorden, Dp kl 1, 2, 3 Kvam, 2 stk LP kl 3 på Radøy, FM kl 3 Romarheim + kl 1, 2, Dp kl 1, 2, 3 Eidfjord, Dp kl 1, 2, 3 Osterøy
- Fylkesmeister 2014 vart Sander med Gael, 2 plass Sander med Pip og 3 plass Stein med Mist.
- 10 ekvipasjer reiste til Ørsta for å delta på NM i bruk av gjetarhund. Litt stang ut for dei fleste, med det resultat at Hordaland misser ein plass i 2015. Positivt vart det likevel at Ivar Haug som debutant i Nm, kom greitt gjennom.
- Hordalandscupen 2014. Samanlagtresultat frå tre beste prøvane i klasse 1, 2 eller 3. Gjelder prøver arrangert i Hordaland. Ekvipasjer som går ned i klasse er ikkje teljande i cupen.
TAKK TIL ALLE SOM STILLER OPP OG GJER EIN INNSATS FOR GJETARHUNDEN!
Lonevåg 12/1-2015 Audun Seilen, leiar