Oppstart laurdag kl 10.

Målgruppa for kurset er deg som ynskjer å læra meir om bruk av gjetarhund, få hjelp til treningsmetodar, og læra å bruka hunden din i praktisk arbeid heime på garden. For dei som ynskjer det, vert det også moglegheit for å læra litt om det å gå ein gjetarhundprøve. 

Som før vil kurset føregå på forskjellige treningsfelt, og vil så langt som råd tilpassast den enkelte sitt behov og nivå. 

Krav til deg som deltakar er at hunden kan dekk og innkalling, og den må vera starta på sau. Dersom nokon treng hjelp til å starta hunden, sjå kontaktinfo lenger nede eller ta kontakt med nokon i ditt nærmiljø/lokallag. 

For at nemda i forkant skal kunna fordela deltakarane i effektive grupper, vil me ha kort info ved påmelding:

- alder på hund

- kor langt hunden er komen

- kor mykje erfaring har førar

- kva fungerer, kva fungerer ikkje

- mål med kurset

Gjetarhundnemda i Hordaland ynskjer å stimulera til nyrekruttering i fylket, og kurset er difor gratis for førarar under 18 år. 

Pris for kurset: 1600,- (under 18 år gratis)

For deltakarar utan hund: 800,-

Betaling innan 01.03.22 til kontonr.: 3480 12 94253.

Påmelding innan 25.02.22 til Kristina Jordalen på e - post: kristinajordalen@live.no

Ved spørsmål, kontakt leiar i nemda, Ivar Haug, tlf: 97150041 eller e - post: ivar@voss-bygg-anlegg.no

Vel møtt til ei kjekk helg i Rosendal!

Gjetarhundnemda