Gjetarhundhelg i Kvam / fylkesmeisterskap
Fylkesmeisterskap 2015 i bruk av gjetarhund ble holdt i Kvam 15 og 16 august.
Ei flott gjetarhundhelg er over. Heilt tydeleg at gjetarhundnemda i Kvam hadde lagt si æra i å skapa ei flott ramma rundt denne helga. Parkering, skilting, kafe og toalett var på plass. Bane, sau, kve i begge ender, utsetjing , sekreteriat osv var godt planlagt og fungerte som det skulle.
Kun ørsmå justeringar laurdag morgon for så å gå på skinner gjennom heile helga. Sau og lam var merka, slik at lam følgde mora. Flokkane var jevne og gode. Dommar Cato Smørgrav gav ros for god oppførsel på bana og god dyrehandtering. Ekstra gledeleg at kl 1 hundane ser ut til å vera bra grunntrent før dei stiller til start.
Med prøver i alle tre klassane både laurdag og søndag fekk gjetarhundfolket i fylket eit tilbod som dekka alle nivå. Med til saman ca 40 ekvipasjer kvar dag var dette ein god og effektiv gjennomkjøring.
Takk til arrangør for godt gjennomført arrangement!
Søndag gjekk klasse 3 som fylkesmeisterskap. Mange gode løp og lite skilte øvre halvdel av resultatlista. Til slutt vart det Stein Dalland og Jock som vel fortent stod på toppen av lista.
Me gratulerer alle STEIN DALLAND og JOCK som fylkesmeister 2015.
Topp 3 i klasse 3:
Nr 1 og 3 i klasse 2 (Jorunn Mitchell var ikke tilstede)
De tre beste i klasse 1:
Resultatene fra prøvene lørdag og søndag finner du under gjeterhundprøver