Oppstart laurdag kl 10.

Kurset vil føregå på forskjellige treningsfelt, og vil så langt som råd tilpassast den enkelte sitt behov. Krav til deg som deltakar er at hunden skal kunna dekk og innkalling. 

Målgruppa er deg som ynskjer å læra meir om bruk av gjetarhund, få hjelp til treningsmetodar, og læra og bruka hunden din i praktisk arbeid heime på garden. 

For dei som ynskjer det, vert det også moglegheit for å læra litt om og gå ein gjetarhundprøve. 

For at nemda i forkant skal kunna fordela deltakarane i effektive grupper, vil me ha kort info ved påmelding:

- alder på hund

- kor langt hunden er komen

- kor mykje erfaring har førar

- kva fungerer, og kva fungerer ikkje

- mål med kurset

Gjetarhundnemda i Hordaland ynskjer og stimulera til nyrekruttering i fylket, og vil spandera kurset på førarar under 18 år.

Pris for kurset: 1600,- (under 18 år gratis).

For deltakarar utan hund: 800,-

 

Betaling innan 01.03.20 til kontonr.: 3480 12 94253.

Påmelding innan 01.03.20 til Kristina Jordalen på e - post: kristinajordalen@live.no

Ved spørsmål, kontakt Ivar Haug, tlf: 97150041 eller e - post: ivar@voss-bygg-anlegg.no

Vel møtt til ei kjekk helg i Rosendal.

Gjetarhundnemda