Gjeterhundkurs i Rosendal
Gjetarhundnemnda inviterer til kurs i Rosendal 18 - 19 mars 2017
Gjetarhundkurs
Gjetarhundnemda i Hordaland inviterer med dette til kurs i bruk av gjetarhund,
Rosendal lørdag 18 mars kl 10.00 – søndag 19 mars til ca kl 15.00.
Kurset vil i hovedsak foregå på treningsfeltet, og så langt som råd tilpassast den enkelte sitt nivå og behov. Me startar på lørdagen med teori før me går i gang med den praktiske delen.
Målgruppa er deg som ynskjer læra meir om bruk av gjetarhunden, få hjelp til treningsmetodar, forbereda seg til, stilla til start og gjennomføra ein prøve.
For at nemnda i forkant skal kunna fordela deltakarane i effektive grupper, vil me ha kort info ved påmelding :
Alder på hund, kor langt er hunden komen, kor mykje erfaring har førar, kva fungerer, kva fungerer ikkje, mål med kurset.
Gjetarhundnemda i Hordaland ynskjer å stimulera til nyrekruttering i fylket, og vil spandera gratiskurs på førare under 18 år.
Pris for kurset : kr 1600.- (under 18 år gratis)
For deltakarar utan hund: kr. 800,-
Kontant betaling ved oppmøte
Adressa er: Baronivegen 44, Rosendal
Maks deltakarantall ca 30, fyrstemann til mølla...
Påmelding til Ragnhild Reisæter, Mob. 97 52 59 29 el e-post: ragnhild.reiseter@kinsarvik.net
Overnatting ordnes av kvar enkelt, og kan bestillast på Rosendal Fjordhotel :
Telefon: ( 47) 53 48 80 00, e-post: booking@rosendal-fjordhotel.no
Pris: Kr. 1495,- for dobbeltrom pr. døgn. Kr. 1350,- i enkeltrom pr. døgn
Prisen inkluderer overnatting og frokost.
Nistepakke til lunch kan kjøpast på hotellet (kr. 75,-)
Pris på felles 3 retters middag med kaffi lørdag kveld er kr 450.-