Prøven startar kl 9 og er på Gjernestunet på Voss.
Prøvavgift kl 1,2 og 3 kr. 200  betalast kontant – junior gratis.
Det vert kafè i varmt stabbur – sal av varm mat, kaffi og kaker.

Ein premiere er det òg denne helga… Det er i tillegg til dei ordinære klassane som er vanlig for gjetarhundprøvar lagt opp til ein eigen prøve for juniorar, her er det ingen nedre aldersgrense! Det blir ein prøve med henting av sau og etterdriving gjennom hinder  -  så oppmodar alle om å melde på dei yngste og ta med heile familien som heiagjeng – dette blir spennande !!

Det er i tillegg planlagt eit kurs i å gå prøve for nye ekvipasjar i klasse 1 denne helga og det er kun 2 ledige plassar – så her må du vera kjapp for å komme med. Det er teori på gamle kunst- og handverksskulen på fredagskveld kl. 19.30, laurdag får ein trene på å gå prøve ilag med instruktør og søndag stiller ein på den «skikkelige» prøven.  Kursavgift for fredag og laurdag er kr. 500,-

Gjernestunet der prøven på søndag har ikkje gateadresse, men du fortset samme veien som kartet under viser til du kjem Gjernes skule – då tar ein vegen til venstre. Ta kontakt om de ikkje finn fram.

Påmelding innan 05.10.2015 til Ragnhild Reisæter på sms til tlf. 97525929 eller på epost: ragnhild.reiseter@kinsarvik.net

Gamle kunst- og handverksskulen ligg her:
Gjernesvegen 81, parkering v Tintrabrua