Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Oktober 2020
Ma Ti On To Fr
   1234
567891011
12131415161718
19202122232425
262728293031 
       

Godt avlsmøte

31.01.2013 | Skrevet av Nils Inge Hitland

Onsdag forrige veke møtte vel 40 avlsinterresserte hordalendingar avlsleiinga i NSG.

Region Saueavl Vest hadde invitert til møte og i tillegg til at alle ringane i Hordaland stilte kom det og eindel frå bruksbuskapar. Dette synest Tore Atle Sørheim, leiar i avlsutvalet i HSG var svært positivt.                   Frå høgre ser vi Thor Blichfeldt, Tore Atle Sørheim og Kjell Steinar Løland

Thor Blichfeldt, avls - og seminsjef i NSG tok oss gjennom 5 timar med orientering om avlarbeidet og svarte etter beste evne på spørsmåla frå salen. Presentasjonen til avlsjefen finn de her.

Det er sterkt ønske om at alle avlsbuskapane veg søyene sine midt i perioden dei går drektige. Det vil sei i desse dagar. Denne vekta treng ein for å kunna bremsa auken i levandevekta på søyene i avlarbeidet. Det er framleis alt for få som veg lamma om våren og registrerer vårvekt. Dette er viktig for at indeksen for morsevne skal verta sikrare på siste års seminverar. Ellers kjem mest sannsynleg haldbarheit  inn som ein ny eigenskap i avlsmålet. Målet er at søya skal ha minst 6 lammingar. Det er viktig at avlsbuskapane allereide no registrerer utrangeringårsaker på søyene som går ut.

På bilde under ser vi svært skeptiske deltakarar når avlsjefen prøver å argumentera for at vi skal driva med avl på kjøtsau i NSG.

 

 
Hordaland Sau og Geit Org. nr.: 992 113 189
Leder: Reidar Magne Kallestad
Mob.: 41 56 00 48
E-post: reidar.kallestad@online.no