Hedersprisen Gromsauen tildeles annethvert år og ved utslysinga denne gangen sendte Hordaland Sau og Geit inn Eiliv Veseth som vår kandidat. Vedlagt er begrunnelsen fra Hordaland Sau og Geit som gir et godt innblikk i Eiliv sitt arbeid for sauen opp gjennom årene. 

Gromsauen

Hordaland Sau og Geit ØNSKJER at årets «Gromsau går til Eiliv Veseth, Osterøy, med denne begrunnelse:

Eiliv Veseth er født i 1946 på garden Veseth på Osterøy.

Her voks Eiliv opp, og i 1968 overtok han  og kona Sissel garden der drifta bestod av mjølkeku og sau.

I 1974 bygde Eiliv ny driftsbygning med meir plass både til storfe, gris og sau.

Eiliv tenkte framover og noko med det fyrste  blei dei med i væreringen, den gang ring 147 Ryggjaringen i Nordhordland

I tillegg melde (han) dei seg inn i beitelag, Norhordland beitelag same år som dei  overtok garden. Etter store kraftutbyggingar midt på 1970 talet,  vart eit nytt fjellområde tilgjengeleg  og Eiliv og Sissel ,saman med fleire bønder frå Osterøy, flytta over og starta Søre Steinsland  beitelag som ligg i Modalen kommune og grenser til Beinhelleren/ Stølsheimen der sauene på garden framleis er på sommarbeite.

Etter at fjøsen vart ombygd på 1990-talet, vart grisen bytta ut med sau.  På det meste bestod flokken av 120 v. f. sau.

Eiliv var også med på å bygga opp fellesbeite for mjølkeku som var i drift i mange år.

I 1968 meldte Eiliv seg inn i Osterøy Sau og Geit. Han kom med i Styret i 1970   og har hatt forskjellige verv med blant anna  leiar i perioden 1982 - 1985. Eiliv vart attvald som leiar i Osterøy Sau og Geit i 2000, til han sa frå seg vervet i2012

I 1983 vart Eiliv valt til leiar i Hordaland Sau og Geit. (1983 – 1989)

Dette var ei tøff tid med sterke motsetjingar i sauemiljøet i Hordaland, Eiliv viste seg å være ein samlande leiar for laget. I denne perioden fekk ein også  det fyrste utbrotet av Mædie. Det etterfølgt med fleire utbrot og i denne tida og tida framover kom også Skrapesjuka. I desse åra var det ikkje lett å vara aktiv innan avlsarbeidet. Den gongen var Fylkesveterinæren nokså bestemt på at alt som gjekk på ringarbeid (væreringane) i Hordaland skulle leggast ned. Det var mange heftige møter, men til slutt klarte ein og einast om at ringane kunne fortsetje avlsarbeidet men at dei vart delt opp i regionar. I tillegg til dette kom også semin på sau på 1990 talet med fersk sæd frå sædstasjonen i Hordaland

Hadde ikkje Eiliv i lag med næringa stått så hardt på den gong hadde det gjerne ikkje vore væreringar att i Hordaland.

I 1986 blei Eiliv valt inn i styret i Norsk Sau og Geit. Han var leiar  frå 1991 fram til 1994.

Den gong som nå gjekk mykje av tida innan for NSG med til rovdyr problematikken. Ei tid Eiliv har mange gode minner frå.

Eiliv har vore kåringsdommar i Hordaland i mange år.

Fellesskapen for sauen og arbeidet innan for næringa har Eiliv brent sterkt for heile tida. Han var primus motor for å få til felleslevering av lam/sau til slakt og var med å bygde opp Osterøy lammering. Ikkje nok med det så var han opptatt av at alle skulle få dette til uansett kor du leverte. Dermed har Nortura eigne leveringsdagar og KLF sine. Alle på Osterøy er med uansett adresse på mottakar. Eiliv organiserte mottak og leveringa av slaktedyr for Nortura frå starten i 2012 fram til 2021.   Lammeringen og oppsamlingsplassen er og EU godkjent. Det vil sei at ein delegasjon frå EU har vert og sett på oppsamlingsplassen (huset).

Etter nærmare 50 år med aktivt arbeid for fellesskapen innan i næringa meiner Hordaland Sau og Geit at Eiliv Veseth er ein verdig representant for «Gromsauen».

MVH
Hordaland Sau og Geit


Fylkesleiar Reidar Kallestad tok imot prisen på vegne av Eiliv (som var forhindret i å delta) under årsmøtemiddagen i NSG 15/3-23.