Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Januar 2021
Ma Ti On To Fr
    123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
       

HSG inviterer til fagtur og julebord

09.11.2013 | Skrevet av Nils Inge Hitland

Laurdag 14. desember går turen til Sunnfjord Hotel i Førde der det vert julebord. På turen til Førde vert det faginnslag og besøk som legg grunnlaget for ei triveleg helg ilag med andre saueinteresserte.Det er no klart for påmelding.

Det vil bli sett opp bussar etter kor mange som melder seg på turen. Ramma for fagturen er ikkje heilt spikra enno, men det vert lunch på veg til Førde. Vi er framme på hotellet ca kl 15.00 og frå kl 18.30 vert det julebord, med underhaldning og dans.

For meir info om Sunnfjord Hotel gå til heimesida deira https://www.rica.no/hoteller/forde/rica-sunnfjord-hotel/

Søndag vert det heimreise med buss. Fylkeslaget sponsar bussturen.

For dei som vil ha sosialt og fagleg påfyll, er det berre å setta av helga 14-15. desember.

Prisar

Lunch, overnatting m/frukost i dobbeltrom og julebord kr 1835,- pr person

Lunch, overnatting m/frukost i enkeltrom og julebord kr 2085,- pr person

Påmelding innan fredag 22. november til: HSG v/Grethe Helgesen mobil 90958223 eller

E-post: grethe.helgesen@nortura.no

For dei som melder seg på pr e-post, trekk vi ein heldig vinnar som får halv pris på turen, av dei som sender inn rett svar på oppgåva under. Kven gøymer seg bak nissen?

Helsing styret i HSG

 
Hordaland Sau og Geit Org. nr.: 992 113 189
Leder: Reidar Magne Kallestad
Mob.: 41 56 00 48
E-post: reidar.kallestad@online.no