Nemnda har vore slik samansatt:
Ivar Haug- leiar, Stein Dalland, Ragnhild Reisæter
Vara-   Egil Øvstebø, Jan Tore Veland, Ivar Sekse    

 

  • 2017 har vore nok eit år med utvikling i riktig retning i Gjetarhundarbeidet. Me opplever at stadig fleire bønder tek i bruk hund på garden. Det er aukande interesse for bruk av gjetarhund, og stadig nye folk dukkar opp på fellestreningar som er rundt i lokallaga. Ny giv prosjektet er også avslutta, med stor suksess.

 

              Nedenfor kort oppsummert fylkets aktivitet i 2017

 

  • Utdeling av gåvepremie frå HSG til fylkesmeister  i bruk av gjeterhund.  På årsmøtet febr 2017 fekk Sander Hindenes med Gael, prisen som fylkesmeister 2016.
  • Det vart arrangert kurshelg i Rosendal 18 – 19 mars 2017, 26 ekvipasjar med ulik kunnskapsgrad var påmeld.
  • Ny giv prosjektet vart avslutta med ei samling i Rosendal 20/6-17 i regi av HSG, der var gjetarhundnemda representert. Me sette opp kve og viste fram litt om korleis starta ein unghund. Forklarte litt om kva ein bør sjå etter og kva ein bør vera oppmerksam på.
  • Det har vore arrangert Landsprøve på Radøy og distriksprøvar i Austrheim, Etne, Ulvik og Osterøy.
  • Før distriktsprøven i Ulvik var det kurs for dei med ambisjon om å gå prøve, instruktørar var Martin-Andrè og Audun.
  • Fylkesmesterskapet gjekk i Myrkdalen på Voss, same bane som NM vart arrangert i 2013. Vinnar i år som i fjor vart Sander med Gael.
  • Det har vore gjetarhundoppvisning på matfestivalen i år som i fjor.
  • Det har vore arrangert treningsdag/prøve i Norheimsund 27 august for dei med ambisjonar om å komma på NM-laget. Marianne stilte opp med sau og treningsbane.
  • Fylket stilte i NM i Trøndelag med 8 ekvipasjar, krevande forhold og sau, men Audun Seilen med Maid kom som einaste frå fylket til finalen og fekk ein 13 plass
  • I tilegg har nemnda deltatt på møter både i regi av fylkeslag og lokallag
  •  
  • Som oppsummering viser, er det brei og god aktivitet i fylket, noko som me alle nyter godt av!!
  • Vil oppfordra småfenæringa om å søkja samarbeid og skapa godt fellesskap til felles nytte!

    Betre hundemateriell   -    betre  hundetrenarar  =   betre arbeidshundar  

    TAKK TIL ALLE SOM STILLER OPP OG GJER EIN INNSATS FOR GJETARHUNDEN!

    Voss 15/1-2018    Ivar Haug, leiar