Det starta fredag med teorikurs og laurdag var det praktisk trening på å gå gjetarhundprøve. Erfaren instruktør var Kåre Marøy frå Radøy, han kom med gode tips for å få gjennomført ein best mulig prøve for både hund og sau.

Søndag var den store prøvedagen. Det var mange spente deltakarar og mange frammøtte publikum. Det vart konkurrert i dei tre vanlige klassane 1,2 og 3 samt ein juniorklasse, noko som me trur er norgespremiere.Det var deltakarar ifrå yngstemann Emil Haug på 5 år til veteran Sjur Herre på nokre år meir.

Juniorklassen var kjempeflinke, dei hadde full kontroll på hund, sau og portar, dette lovar svært bra for framtida til gjetarhundmiljøet i Hordaland!!

 

Det var god mat å få kjøpt i kafèen og fyr i bålpanna for frostne deltakarar og publikum.

Ein stor takk til alle frivillige for eit kjempeflott arrangement.

Resultat frå prøvane finn de her:

Resultat junior

Resultat klasse 1

Resultat klasse 2

Resultat klasse 3