Liv Oddny var fødd i Alvdal i Hedmark 1. mai 1942. Her budde ho mesteparten av livet sitt, men flytta til Hindenes i Eikangervåg i Hordaland for 27 år sidan. På Hindenes bygde ho og Sander opp eit eige «gjetarhundsenter». Liv Oddny ofra det meste av tida si på gjetarhundane sine og gjetarhundarbeid lokalt og sentralt.

Liv Oddny var alltid levende interessert i sauehold, men kanskje spesielt i gjetarhund. I 1984 var ho primus motor for å få NM i bruk av gjetarhund til Alvdal og Hedmark. Eit av høgdepunkta for Liv Oddny var nok likevel da ho blei norgesmeister i bruk av gjetarhund i 1989. Ho var den første kvinnelige NM-meisteren, og er framleis den einaste.

Liv Oddny blei på 80-talet oppnemnt av styret i Norsk Sau og Geit til å sitja i gjetarhundnemnda (i dag gjetarhundrådet). Dette tillitsvervet hadde ho i fleire år og hadde hovudansvaret for gjetarhundkursa. I den samanheng laga ho ein kursmal som har vorte brukt over heile landet, heilt fram til i dag. I 2012 blei ho tildelt NSG sin diplom for sin store og langvarige innsats for norsk gjetarhundarbeid.

Liv Oddny kom til Hordaland som ein frisk pust. Ho var svært kunnskapsrik og hadde ei formidlingsevne betre enn dei fleste. Liv Oddny hadde klare meiningar og tok raskt på seg verv lokalt, ofte som leiar. Å tenkja nytt, finna betre metodar for trening, skapa relasjonar og byggja engasjerande miljø, var  hennar måte å arbeida på. Ho gjekk alltid føre som ein god leiar. Ingen tvil om at gjetarhundarbeidet i Hordaland tok store steg framover under Liv Oddny si leiing av Hordaland gjetarhundnemnd.

Ho var aktivt med i lagsarbeidet heilt til det siste; var instruktør og dommar, trena både eigne og andre sine hundar og deltok aktivt på gjetarhundprøver på alle nivå.

Me som var så heldige å få bli kjent med Liv Oddny, vil huska ho som ein fantastisk flott person med glimt i augo. Ho var alltid smilande og positiv når du møtte henne - konstruktiv og framtidsretta i alt ho føretok seg. Når ein sto fast i treningsarbeidet sitt var det sjølvsagt at ein skulle kontakte Liv Oddny. Ho hadde løysingar på det meste og vi fekk alltid hjelp og gode råd med heimatt.

Gjetarhundmiljøet i Hordaland, ja, heile landet, har mista ein stor ressursperson. Liv Oddny som person og hennar kunnskapar og engasjement vil bli sakna i gjetarhundmiljøet. Våre tankar går til Sander og Liv Oddnys næraste familie i ei tung stund.

Audun Seilen
Arne Flatebø