Instruktørane er grunnmuren i gjetarhundarbeidet. Etter fleire år med gratis instruksjonsarbeid på storkursa i Rosendal, bestemte gjetarhundnemda at overskotet frå kursa skulle gå til vidareutvikling av instruktørane.

Målet med turen var å få meir kunnskap, inspirasjon, og ha det sosialt saman.
Reisemåte var fly frå Bergen til Aberdeen. Minibuss på sommardekk på glatte vintervegar i høglandet, ein må møta gjetarhunden der han er. Base for overnatting, hotel i Crieff i Perthshire.

Torsdag køyrde me til Ian Wilkie som dømde Radøyprøven i 2014. Han bur i Kirriemuir « in the Highlands», eit vakkert bildesyn der området var dekka med snø. Han driv med 1700 black face, og 70 ammekyr, Aberdeen Angus og Limousin. Han dresserar mykje unghundar for salg, og må sjølvsagt også ha til bruk på garden. Han demonstrerte 3 hundar for oss, fortalde om treningsmetodar han brukar. Praktikanten hans frå Sverige som også jobbar hjå Mosse og Lotta,  viste oss hundane sine, og ho konkurrerar også i Skottland. Mykje informasjon å tyggja på for oss alle. Dei inviterte oss  inn til lunch, noko «vikingane frå Norge» sette pris på for dei fraus på beina….., og var svoltne.

Stor takk til Ian Wilkie.

Fredag køyrde me til Mosse og Lotta Magnusson. Dei bur i Alyth i Pertshire. Her var det nesten grøne bakkar, dei bur i eit fantastisk ope og flott område. Du kan lesa meir om dei på heimesida www.mosse.se   . Dei driv stort med gjetarhund, dressera og sel til både Storbritannia og Europa ellers. Dei ligg heilt i toppen på konkurransane i Storbritannia. Me fekk sjå mykje fine unghundar, nokon heilt i startgropa, og nokre som var komne langt i treninga. Her er ei oppkoma av kunnskap. Både Mosse og Lotta har lang erfaring med gjetarhund, og her vart det diskutert treningsmetodar, og avl. Kva skal ein sjå etter når ein skal få fram spesifike eigenskapar i hundar? Avl er vanskeleg, og det er uråd å vita om ein får det ein ynskjer.

Lotta serverte oss ein fantastisk lunch, og det var godt å få varma seg innandørs.

    

Stor takk til Lotta og Mosse.

Laurdag gjekk turen til Andy og Joyce Carnegie i Comrie, Perthshire. Dei lever også i fantastisk flotte og ville naturområde ca 300-400| m.o.h. Dei driv med 1500 blackface. Andy har livserfaring når det gjeld trening og praktisk bruk av gjetarhund i dei ville fjellområda sine. Han trenar mykje hund for sal og til eige bruk, og ligg i toppen i konkurransar i Storbritannia. Hjå han fekk me ein annan hovudtanke i måten å trena hundar på. Han vil behalda villskapen i unghundane sine, og er svært oppteken å bruka hunden si naturlege utvikling i trening og praktisk bruk. Mange interessante tankar frå denne mannen.

Etter å fått servert ein fantastisk lunch av Joyce, og fått god varme i kroppen, vart det laga til ein miniprøve med 3 deltakarar, der me skulle døma prøven kvar for oss. Mosse hadde fasiten, for den var rett. Fasinerande å oppdaga kor alvorleg aktivitetar vert når det er konkurranse med i bilde. Diskusjon og meiningsbrytingar er med på å skjerpa den enkelte.

Stor takk til Andy og Joyce.

Me har møtt 4 mennesker som driv med hund og sau på helitid.  Ein sit att med det inntrykket at me er heldige som får delta på ein slik tur, og få møta slike menneske med slik gjestfridom.  Dei deler sin kunnskap med oss, og me får sjå korleis dei lever.

Det er spenneden å oppleva kor forskjellig treningsfilosofien er, og at det er «mange vegar til Rom».

Me må takka Audun som planlegg, får turen ut i livet, og passar på att ting går rett for seg på turen.

Me må få takka Stein som har vore sjåfør på minibussen, og med stø hand har køyrt oss rundt på ymse føre, godt med ein som har tunga beint i munnen i rundkøyringar, og venstresvingar…

Me var og heldige med veret!!

    

Takk for turen!!

Tekst: Marianne Byrkjeland.
Bilder: Marianne Byrkjeland og Gunnar Lægreid