Alt klart for møteserien"Tjen pengar på sau!"
NyGiv i samarbeid med lokallaga arrangerer ein møteserie der vi ser på korleis ulike faktorar kan påverke driftsøkonomien i sauehaldet. Det vert lagt opp til mykje god diskusjon! Første møtet er på Voss mandag 17. februar
Vel møtt til desse møteplassane:
- Måndag 17. februar, Park Hotel Voss, kl 19.30
- Tysdag 18. februar, Hatlestrand skule kl 19.00
- Onsdag 19. februar, Stord ungdomsskule, Vikahaugane, kl 19.30
- Måndag 24. februar, Knarvik, Nordhordlandshallen kl 19.30
- Onsdag 26. februar, Meieriet i Odda kl 19.00
Vi er heldige og har fått med oss Harald Pedersen frå Tveit Regnskap som syner ulike dømer på korleis drifta påverkar økonomisk resultat.
Du får sjølvsagt kaffe og noko å bite i!