I 2003 overtok Karstein slektsgarden der han dreiv med sau. Ganske tidleg etter overtakinga byrja ting å gå tungt for den ferske bonden. Fjøsstellet var særs tungt og langdrygt då dyra sto i fleire driftsbygningar og mykje var tungvint. Like før første lamminga døydde far hans, og det vart altfor lite tid til å bearbeide dette då lamming og drift tok all tid. Det var sett opp ein tøff driftsplan både på inntening og investering. Men sjølv om innteninga ikkje svarte til planen så vart det investert etter plan.

Sakte men sikkert vart økonomien meir og meir fastlåst og ein gong på hausten i 2006 gjekk det alvorleg skeis med stellet av dyra på garden. Bonden var blitt psykisk sjuk og makta ikkje å gjere det som gjerast skulle i fjøsen. Det var imidlertid svært viktig å halde på fasaden, slik at ingen skulle sjå korleis det eigentleg stod til. Dette klarte han heilt til ein kamerat stakk innom rundt årsskiftet og gjekk til fjøset for å finne bonden. Tragedien vart oppdaga!

Frå dette punktet fekk bonden hjelp og oppfølging frå to kameratar og psykolog, medan alt anna oppfølgingsarbeid skjedde i kulissane. Kameratane tok regelrett over drifta. Den eine kameraten tok alt papirarbeidet. Den andre kameraten følgde opp bonden i kaos med å gje han konkrete og overkommelige arbeidsoppgåver, ein om gongen. Sakte med sikkert vart drifta gjennoppreist og bonden vart seg sjølv att. Bonden sjølv er overtydd om at å unngå å bli valsa over av media og framande var nøkkelen til at han sjølv klarte å gjere arbeidet med å kome seg på «føta att».

Godt over to timar tok historia som Karstein fortalte. Begge stader fekk han fram mange spørsmål og god dialog om dette vanskelege temaet. Korleis havnar ein i ein slik situasjon? Korleis kan ein oppdage fåresignal hjå andre bønder, eller hjå seg sjølv? Er det mogleg å førebyggje? Spørsmåla er mange, men det beste svaret var at vi må ta oss tid til kaffikoppen! Tid til å stikke innom naboar og kamerater ofte nok, og spesielt dersom vi er redd for at noko er gale. Det hjelper aldri å vere redd for å spørje eller å unngå å ta kontakt.

Etter møta var det mange som uttrykte kor flott og viktig dei synast det var at Karstein tør å fortelje sin historie. Dette er med og bidrar til å byggje ned tabuer. Etterpå fekk Karstein Bergset ein stor takk frå Ny Giv og HSG. Han fekk og ein trekopp frå HSG.

 
F.v. Nils Inge Hitland (leiar HSG), Karstein Bergset og Reidar Kallestad.