Møtet fann sted på Voss Rådhus onsdag 13. februar og vart opna ved Kjartan Bergsvåg, leiar i Voss sau og geit. Møtet fulgte same opplegg som dei to foregåande oppstartsmøta (Knarvik og Kvam).

Det vart fortalt om bakgrunn og mål for prosjektet og arbeidsgruppa presenterte seg. Vidare vart det synt fram kva hjelpemedel og moglegheiter som finst når ein skal arbeide med forbetring av resultat i eigen produksjon. Også på dette møtet virka majoriteten av forsamlinga innstilt på å auke produksjonen av lammekjøt. Arbeidsgruppa vil ha sterkt fokus på nettopp dette i prosjektperioden.

 


Bilete: Arbeidsgruppa i Ny Giv sau saman med representanten frå Animalia. Frå venstre; Karluf Håkull (Nortura), Reidar Kallestad (Hordaland Sau og Geit), Hilde Håland (Fatland), Mari Langaker (Animalia), Svanhild Aksnes (Fylkesmannens landbruksavdeling) og Leif Trygve Berge (Norsk Landbruksrådgjeving Hordaland).

 


Bilete: Frå møtet på Voss