Ny Giv har skapt forventningar
Ny Giv har no gjennomført alle dei 5 oppstartsmøta for prosjektet rundtom i Hordaland. Det har totalt møtt over 300 saueinteresserte folk og det er sådd forventningar til at prosjektet skal jobbe godt framover.
Dei to siste oppstartsmøta for Ny Giv var i Odda og Sveio. Også her var det godt oppmøte og god andel av unge folk på møta.
Bakgrunn og mål med prosjektet er no presentert godt og grundig. Mange har møtt for å høyre og det er skapt forventningar til at dette samarbeidsprosjektet skal gje resultat. Hovudmåla er å produsere meir lammekjøt og å skape endå meir aktive fagmiljø. Arbeidsgruppa i Ny Giv har vore tydeleg på oppnåing av måla krev at mange sauehaldarar ynskjer å satse framover og forbetre resultata i eigen drift der det er mogleg.
Mål med Ny Giv:
- Fleire lam til slakt
- Meir aktive lokallag i Sau og Geit
Bilete: Frå oppstartsmøtet i Odda med eit oppmøte på omlag 50 personar.
Bilete: Frå oppstartsmøte i Sveio 26. februar. Også her møtte drøyt 50 personar.