15. mars vart dette brevet sendt til lokallaga ilag med DVD'en:

I samband med Ny Giv for sauen i Hordaland vil vi ha spesielt fokus på å få fleire lam til slakt.

Vi nærmar oss ein ny lammings-sesong med stormskritt, og Ny Giv sender ut den vedlagte DVDen til alle lokallaga vederlagsfritt. Vi oppmodar alle om å organisera «studieringar», eller medlemsmøter der filmen vert vist med påfølgande «kaffeslabberas» og diskusjonar rundt temaet frå filmen.

Håper dette kan bli eit triveleg og effektivt tiltak i ditt lokallag, men det føreset at laget hiv seg rundt og organiserer visningane før lamminga tek til.

Dersom nokon ønsker fleire DVDar kan desse tingast hjå prosjektkoordinator Svanhild Aksnes hjå Fylkesmannen. Spesialpris frå Ny Giv kr 150,- pr stk. Send e-post til: fmhosak@fylkesmannen.no

Med helsing

Ny Giv for sauen i Hordaland

v/Hordaland Sau og Geit

Det er framleis nokre DVD'ar igjen som kan tingast på e-postadressa til Svanhild Aksnes. 

På bilda under ser vi frå møtet som Lindås og Meland Sau og Geit arrangerte nett før påske. Vel 50 medlemer og tilreisande hadde kome for å sjå DVD'en og høyra Inge Einar Jordalen fortelja om kva han gjer for å berga flest mogleg lam. Hovudtrekka i "oppskrifta" hans var:

  • Tilsyn før, under og etter lamming
  • Undersøka om det evtuelt er feilstilling, dersom det går for lang tid frå sauen vert lamsjuk til lamminga er igang
  • Sikra at alle lam får i seg råmjølk snarast mogleg. Han brukte ei 20 ml spøyte som har gav lamma frå
  • Ha tørrt og reint liggeunderlag til dei nyfødde lamma. Han brukte aviser.