Ny Giv inviterer til haustmøter: God vinterfôring av søya ved ulik grovfôrtilgang!
Ny Giv arrangerer møter der vi set fokus på grovfôrsituasjonen og rådgjeving om vinterfôring. I tidsrommet 14.-21. oktober vert det regionale møter med dette som tema.
Mange har i år hausta mindre grovfôr enn normalt. Det er eit klart mål å auke produksjonen av lammekjøt i Hordaland og då er det særs viktig at vi unngår reduksjon av søyetalet. Ny Giv vil i desse møta gje fagleg påfyll om kva som er god økonomisk fôring ved ulike grovfôrsituasjonar.
Det vert møte mange stader og er planlagd følgjande datoer:
- Knarvik 14. okt, Nordhordlandshallen kl 19.30
- Voss 15. okt, Voss Jordbruksskule kl 19.00
- Kvam 16. okt, kafe Sutalaus i Øystese, kl 19.30
- Sveio 16. okt, Vigdartun, kl 19.30
- Stend 17. okt, Jordbruksskolen i auditoriet, kl 19.00
- Etne 17. okt, Grønstad skule, kl 19.30
- Kinsarvik 21. okt, Hardangertun, kl 19.30-21.30
- Hatlestrand 22. okt, Hatlestrand skule, kl 19.00-21.30
NB! Det vert ikkje møte i Odda, her har vi dessverre ein trykkleif i Bondevennen!
Program:
- Vel møtt vel lokallagsleiar
- Informasjon frå Ny Giv
- Grovfôr og økonomi i vinterfôring av sau v/Landbruksrådgivinga
- Fôring av sau v/Felleskjøpet
Arr: Møta vert arrangert i samarbeid med lokallaga i Hordaland Sau og Geit, Landbruksrådgjevinga og Felleskjøpet.