Ditt lokallag kan søkje om støtte frå Ny Giv til gjennomføring av ulike arrangement. Laget kan få noko økonomisk støtte frå prosjektet, eller prosjektet kan bidra med å finne ressurspersonar til gjennomføring av arrangement. Økonomisk støtte vert rekna som eit stimuleringstilskot og vert vurdert av arbeidsgruppa i Ny Giv i samarbeid med leiar i HSG.

Søknad                                                                                                                             
Send inn søknad seinast to veker før arrangementet, bruk dette søknadsskjemaet.
Send søknaden på epost til prosjektkoordinator Svanhild Aksnes fmhosak@fylkemannen.no med kopi til leiar i HSG Nils Inge Hitland nils.inge@salmongroup.no