Referat frå styremøte 27.oktober 2017
Hordaland Sau og Geit
Referat styremøte fredag 27. oktober 2017
Stad: Comfort Hotel Bergen Airport.
Desse møtte: Reidar Kallestad, Kjetil Rødland, Arnt Bakke, Oddmund Hilda og Ola Steinsland.
Tore Atle Sørheim møtte frå Avlsutvalet
Forfall: Tor Arne Sandvik frå styret, Ivar Haug frå Gjetarhundnemnda og Ole Johan Eidsnes frå Briteutvalet
Saksliste:
Sak 58/17 Godkjenning av innkalling:
Vedtak: Godkjent
Sak 59/17 Godkjenning av referat frå styremøtet 03.08.17:
Vedlegg. Referat frå styremøtet 03.08.17.
Vedtak: Godkjent
Sak 60/17 Oppsummering etter leiarmøte NSG:
· Medlemskontingent
· Sal av sau/lam før sesongen 2017 -var ein dyr affære for næringa
· Redusera overproduksjonen .. kan alle ha ein 2-3 sau mindre eller ikkje para alle påsettlamma?
· Bør ei leggja om bruken av midlar frå Innovasjonen til ombygging restaurering og ikkje nyetableringar?
· Hordaland Sau og Geit presenterte for Rep. møte i NSG " slik gjer det"
Sak 61/17 Gjennomgang kåringa 2017:
Vedtak: Denne saka blir tatt opp på leiarmøte men Tore Atle var
innom bruken av den nye lupa til ull vurdering og om tilbakemeldingar
frå kåringa rundt om i Hordaland.
Sak 62/17 Gjennomføring leiarmøte i HSG 27. – 28. oktober:
Vedtak: Gjennomgang av program og gjennomføringa av
samlinga. Det er kom melding frå "vårt" hotell at dei er overbokka
og vårt møte i kveld må flyttast til Clarion hotell som ligger like ved.
Saker som leiar vil ta opp og få tilbakemelding på frå lokallaga er:
· Kurs for nye sauehaldarar
· HSG 70 år i 2018
Sak 63/17 Markedet for sau/lam:
Vedtak: Reidar Kallestad orienterte kort og sa at denne saka blir
gjennomgått i leiarmøte der både Fatland og Nortura skal ha innlegg om
tema.
Sak 64/17 Fagsamling beitebruk i Hordaland 26. – 27. januar 2018:
Vedtak: Fylkesmannen har invitert beitenæringa ved HSG til to dagars
samling 26. – 27. januar med tema som er aktuelle for næringa. Program
og stad er ikkje heilt på plass.
Sak 65/17 Aktivitetsplan for 2017:
Vedtak: På grunn at knapp tid blir aktivitetsplanen utsett til neste møte.
Sak 66/17 Julebord 2017:
Vedtak: Fagtur med Julebord går i år til Bardøla Hotel, Geilo 15. – 17.
desember. Lagar program for laurdag bed besøk til bønder og industri.
Det blir og henta inn pris hos NSB på felles billettar. Prisar/program er
lagt ut på heimesida. Sjå: http://www.nsg.no/hordaland/
Sak 67/17 Skal HSG lage fagsamling for nye sauehaldarar? 2018
Vedtak: Reidar Kallestad orienterte om behovet for
informasjon/fagpåfyll for nye sauebønder. Han meiner HSG må få i
stand samling for denne gruppa i 2018. Han vil ta dett opp i leiarmøte
og samordna dette med lokallaga sin tilråding.
Sak 68/17 Ymse:
Under Årsmøte 2017 blei det lova og betala ut godtgjersle til lokallaga
pr. netto auka medlemmer. Dett skal styret sjå på, sli at dette blir
gjennomført.
Karluf Håkull
Sek.