Referat styremøte 7. Mars 2017
Hordaland Sau og Geit
Referat styremøte HSG
Stad: Strandebarm Sportell, Strandebarm, 7. Mars 2017
Desse møtte: Reidar Kallestad, Kjetil Rødland, Arnt Bakke, Oddmund Hilldal og 2. vara Kato Hilleren.
Tor Arne Sandvik og Ola Steinsland hadde meldt forfall.
Det møtte ingen frå nemndene.
Reidar Kallestad opna møte med og ønskja alle velkomne til Styret i HSG og spesielt velkommen til dei nye i Styret.
Sak 22/17 Godkjenning av innkalling.
Vedtak: Godkjent
Sak 23/17 Godkjenning av referat frå styremøtet 24.02.17.
Vedlegg. Referat frå styremøtet 24.02.17.
Vedtak: Godkjent
Sak 24/17 Orienteringsaker
- Saueprosjektet Ny Giv. Reidar
Reidar orienterte om program for avslutning av Ny Giv 20. mai. Arbeidsgruppa har laga program som er lagt ut på heimesida. http://www.nsg.no/nyheter-aktuelt/familiedag-pa-baroniet-i-rosendal-20-mai-article11849-1019.html
Reidar ber og om at alle i styret må væra med denne dagen.
- Møte i rovviltnemnda
Reidar var på møte 27. februar som Fylkesmannen sin Miljøvernavdeling i Hordaland hadde kalla inn til. (orienteringsmøte)
- Jordbruksforhandlingane. Reidar
Etter innspel frå lokallaga, Årsmøte HSG og Styret i HSG sender HSG forslag til NSG med saker som må prioriterast ved Jordbruksforhandlingane 2017. Sjå Heimesida. http://www.nsg.no/hordaland/
Sak 25/17 Årsmøta i faglaga
Vedtak: Reidar møtte på Årsmøte til Hordaland Bonde- og Småbrukarlag. Til Årsmøte Hordaland Bondelag, som delvis er når Landsmøte i NSG er, reiser Reidar direkte etter Landsmøte og er med på siste del.
Sak 26/17 Etter årsmøtet i HSG og fordeling av oppgåver i styret
Vedtak:
Styret gjekk gjennom arbeidsoppgåver og prosjekt HSG er med i og sette opp denne fordelinga:
· "Landskap i drift": Arnt Bakke
· "Ny Giv": Reidar Kallestad
· Avlsutvalet for sau: Arnt Bakke
· Beiteutvalet: Reidar Kallestad
· Økonomi kontakt og godkjenning av rekningar: Kjetil Rødland
· Heimesida: Oddmund Hilldal
· Gjetarhundnemnda: Reidar Kallestad
· Årsmeldinga: Styret og sekretær
· Geitedagar 2017: Tor Arne Sandvik og sekretær
· Fagsamlingar: Kjetil Rødland og sekretær
Oppfølging etter Årsmøte:
· Apotekavtalen er under arbeid.
Ansvar: Kjetil
· Spørsmål om kva tid NSG sender purring på ikkje betalt medlemskontingent, NSG lova svar etter Landsmøte.
Ansvar: Sekretær
· Avlsutvalet og Gjetarhundnemnda skal ha eigne budsjett frå 2018. Ansvar: Kjetil og Reidar i lag med utvala.
· Tilgang til ledig utmarksbeite – Beiteutvalet, legge ut link frå heimesida til FM og til heimesida HSG.
Ansvar: Beiteutvalet
· Oversikt over på kva beitelaga kan søkja om økonomisk støtte til. Også her skal det leggast ut link frå FM til HSG. Ansvar: Kari Elsa A. des Bouvrie . http://www.nsg.no/nyheter-aktuelt/investeringsmidlar-til-tiltak-i-beiteomrade-2017-article11873-1019.html
· Dyrehelseforskrifta er under revidering. Spørsmål om HSG er involvert? Så langt er det NSG, NB og NBS som har den til uttale.
· Kan medlemmene i HSG/lokallaga vara med på marknadsføring av lammekjøtt? Styret tar denne saka opp på neste møte.
Ansvar: Styret
· Lage liste over saker som kommer inn til HSG og saker HSG har oppe i styret.
Sak 27/17 Landsmøte 2017
Desse blei valt til utsendingar for HSG:
· Reidar Kallestad
· Kjetil Rødland
· Arnt Bakke
· Oddmund Hilldal
· Tor Arne Sandvik (har meld forfall)
· 1. vara Ola Steinsland (reiser)
· 2. Kato Hilleren
· 3. Helene Hellestveit
· 4. Ole Johan Eidsnes
· Tore Atle Sørheim
Vedtak: Alle som blei valt til utsendingar til Landsmøte NSG reiser.
(sjå valte personar)
Kjetil møter på rep. møte i NSG då Reidar er forhindra til og møta.
Styret gjekk gjennom sakslista for Landsmøte. Styret var og einige i og følgja forslaget frå valnemnda på val av tillitsvalde i NSG om ikkje nye opplysninga blir lagt fram.
Sak 28/17 Budsjett 2017
Vedtak: Styret legger budsjett for 2017 til grunn for arbeidet i HSG 2017. For og ha god oversikt på økonomien vil Styret be om å få tilsendt kvartalsvise rapportar frå rekneskapsførar.
Sak 29/17 Arbeidsplan for 2017
Vedtak: Gjennomgang av arbeidsplan 2017. Det er nå planlagt møte i Odda 11. mai. 2017 i lag med FM, tema er "Beiting i rovdyrområde".
HSG skal ha Leiarmøte med fagsamling 27. – 29. oktober. Fyrste del av samlinga blir Leiarmøte. Del to blir fagsamling.
Styret går ut og ber om priser på hotell.
Sak 30/17 Leiarmøte 2017
Vedtak: Leiarmøte 2017, 27. – 28. oktober med påfølgande fagsamling 28. – 29. oktober.
Hotel ikkje bestemt, men mest sannsynleg nord i Hordaland
Sak 31/17 Ymse
Nemnder og utval i HSG: Sender ut liste med oppsett på nemnder og utval i HSG og ber lokallaga om innspel.
Neste styremøte 26. mai og deretter i veke 34 (august)
Fylkesårsmøte for 2018 24.- 25. februar.
Karluf Håkull
Sek.